Hopp til innhold

Vil bli i Møre og Romsdal

Fleirtalet i Aure kommune vil framleis vere i Møre og Romsdal. Regionavstemminga viser 51 % for å bli verande i Møre og Romsdal. 45 % vil at Aure skal flytte til Trøndelag. 4 % stemte blankt.

– Det er ei rådgjevande avstemming. Men avstemminga gjev ikkje noko klart svar. Dermed blir det vanskeleg for politikarane som skal ta ei endeleg avgjerd, seier ordførar Hanne-Berit Brekken.

Stemmene fordeler seg med 995 for å bli verande i Møre og Romsdal, 873 for å flytte til Trøndelag og 72 blanke stemmer.

Det var 75% valdeltaking på denne avrøystinga.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL