Hopp til innhold

Vil betale for å bevare linje

Fylkesrådmannen har blant anna foreslått å legge ned kulde- og varmepumpeteknikk ved Haram vidaregåande skule, for å spare pengar. For bedrifta MMC First Process er denne linja så viktig at dei vil inn med pengar for bevare linja. – Vi kan bidra med eit sekssifra beløp, om også andre i næringslivet er med, for å bevare denne linja. Det seier direktør i MMC First Process, Petter Leon Fauske. Han seier at denne linja er viktig for rekruttering til bedrifta.

Petter Leon Fauske er administrerande direktør ved MMC First Process på Digerneset i Skodje.
Foto: Remi Sagen / NRK