Hopp til innhold

Vil avhøyre dei fire involverte

Politiet held fram etterforskinga etter at fire personar blei arresterte ulike stader i Ålesund måndag. – Det er framleis nokså uklart kva som skjedde i bustaden i Skaregata. Begge personane som var der har vore innlagt på sjukehus, men dei er i ferd med å bli utskrivne, så forhåpentlegvis kan vi få eit litt klarare bilete på kva som har skjedd utover dagen, seier politiinspektør Yngve Skovly. Politiet vil også ta avhøyr av dei to som vart arresterte på ei adresse på Aspøya. Etter kvart vil politiet ta standpunkt til om dei involverte skal framstillast for varetektsfengsling.

Yngve Skovly
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / nrk

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL