Hopp til innhold

Viktig turistveg kan få mobildekning

Det er optimisme i lufta over fylkesveg 63 mellom Trollstigplatået og Valldal. Mobildekning på den 11 kilometer lange vegstrekninga, ser ut til å vere i kjømda.

Valldal mot Trollstigen

På denne strekninga frå Valldalen mot Trollstigen er det i dag ikkje mogleg å ta samtalar via mobiltelefonen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK


Kvart år besøkjer rundt 800.000 turistar området ved Trollstigen. Enno har ingen av dei klart å ringe via mobiltelefonen på bilturen mellom Trollstigplatået og Grønning i Valldalen.

Den 11 kilometer lange strekninga gjennom det naturskjønne dalføret ligg i mobil- skugge. Det har vore til stor fortviling for både innbyggarane og lokalpolitikarane. Mange har frykta kva manglande mobiltelefon-dekning kan føre til ved større ulukker i det populære turistområdet. Problem med manglande dekning for mobiltelefon ligg på valldalsida av trollstigplatået.

Men får aktørane på eit møte i Molde i dag det slik dei ønskjer, vil ei arbeidsgruppe som blei nedsett, få sving på sakene i løpet av kort tid.

Tryggleik for dei vegfarane

Bussulykke Valldal

I sommar omkom ein person då ein utanlandsk turistbuss køyrde av vegen i Valldal.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag, Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Sidan år 2000 har rundt 20 ulukker skjedd på strekninga mellom Trollstigplatået og Valldal. Seinast no i sommar omkom ein person då ein utanlandsk turistbuss køyrde av vegen.

Med på møtet om den manglande mobiltelefondekninga tysdag, var Telenor, fylkesmannen, fylkeskommunen, kommunane Rauma og Norddal, samt Nkom og Nasjonal kommunikasjonsmyndighet.

– Alle instansar vi har møtt i dag, har vore positive til å få til ei løysing, Dei ser kor viktig dette er for den lange, udekte strekninga, seier ein opitimistisk varaordførar Viktor Valdal i Norddal.

For to år sidan blei det sett ned eit spleiselag for å få dekninga på plass. Men sidan den tid har kostnadsnivået eksplodert, og kommunane meiner no at statlege styresmakter og storsamfunnet må på banen.

LES OGSÅ:

Dekningsdirektør

Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Avhengig av fleire faktorar

Dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor, slår fast at prisen for å få på plass mobildekning i området har eksplodert siste tida.

– No blir det snakk om investeringar på 2,5 millionar kroner høgare enn rekna med. I tillegg kjem fleire hundre tusen kroner til å gå med årleg for å drifte sambandet, seier Amundsen.

Dekningsdirektøren seier det heile er avhengig av to ting. For det første kroner og ører, og så fleire praktiske sider for å få til ei utbygging av mobilsendaren i fjellet ovanfor Trollstigplatået.

– Det finst mellom anna ikkje straum i området. Og Telenor må ha stabil kraft for å kunne drifte eit mobilnett ordentleg, seier Bjørn Amundsen.

Fylkesmann spår dekning i 2017

Lodve Solholm

Fylkesmann Lodve Solholm er optimistisk, og trur området skal få mobildekning til komande turistsesong.

Foto: Trond Vestre / NRK

Fylkesmann Lodve Solholm karakteriserte møtet som godt og konstruktiv.

– Målsetjinga er at arbeidsgruppa skal halde eit nytt møte før jul, og at vi prøver å få dekning på plass i området til sesongen 2017,seier Solholm.

Fylkesmannen lovar at saka skal prioriterast i tida framover.

– Vi skal jobbe intenst for å få dette på plass, slår han fast.


Korleis den fordyra utbygginga av mobilnettet i området mellom Trollstigplatået og Valldal skal finasierast, ga møtet mellom partane i dag ingen konklusjon på.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL