Vêrvarsel for helga

I dag er det meldt nordaust frisk bris til liten kuling på kysten av Møre og Romsdal. I kveld kan dette auke til stiv kuling. Elles er det meldt stort sett opphaldsvêr og periodar med sol over heile fylket laurdag. På søndag er det meldt nordaust og opp i stiv kuling på kysten, sterk kuling frå Ona og sørover. Det er også meldt opphaldsvêr og skya eller delvis skya. Det melder Meteorologisk institutt.

Ålesund
Foto: Silje Bjerknes / NRK