Hopp til innhold

Veret tvingar dei inn og vekk endå ein gong

Det varsla regnet og vinden gjer at det årlege Storfjordstemnet på Sunnmøre igjen blir kraftig amputert. Dei siste åra har stemnet gong etter gong snødd og regna vekk.

Merete Løvoll Rønneberg

Det må solide kle til for dei som skal på Storfjordstemnet søndag. Sjølve arrangementet er flytta innandørs, men dei som vil kan gå til husmannsplassen Kurlå før eller etter. Ifølgje vervarselet blir det regn også søndag.

Foto: Storfjordens Venner

Dei må tåle både vind og nedbør dei kultur- og historieinteresserte sunnmøringane som år etter år møter opp på Storfjordstemnet. For dei siste åra har snø, sludd, regn og vind gong etter gong sett ein stoppar for arrangementet, som brukar å vere første helga i juni.

Kjell O. Løseth

Kjell O. Løseth i Storfjordens Venner seier han vil ta opp verproblema med statsråd Sylvi Listhaug søndag.

Foto: Storfjordens Venner

Vi har vore ekstremt uheldige med veret. I dag kjem statsråd Sylvi Listhaug til stemnet, så vi skal ta det opp med regjeringa, seier styreleiar Kjell O. Løseth i Storfjordens Venner, medan han både sukkar og ler.

Storfjorden - om gårdene langs fjorden — Video — NRK Skole

Regnet tvingar dei inn - igjen

Søndag skulle stemnet etter planen arrangerast ute på husmannsplassen Kurlå ved Hellesylt i Stranda kommune. Men laurdag ettermiddag tvinga verutsiktene arrangørane til å flytte stemnet innandørs til samfunnshuset.

Eg har snakka med vermeldinga, og sjølv om det er sol og blå himmel akkurat no, skal det bli regn utover dagen, seier Løseth søndag formiddag.

Les også:

Flytta av tryggleiksgrunnar

Husmannsplassen Kurlå ved Hellesylt

Storfjordens Venner er i ferd med å restaurere stovehuset på Kurlå. Uver gjer at ikkje så mange som håpt får sjå arbeidet som no pågår.

Foto: Storfjordens Venner

Og det har nesten blitt ein tradisjon med nedbør på Storfjordstemna. Ifølgje Løseth var det både snø og storm under stemnet i Muldal i 2012. Året etter sludda det, og det planlagde stemnet på Skageflå ved Geiranger blei flytta til hausten.

Det blei same skitveret om hausten, og av tryggleiksgrunnar måtte vi flytte stemnet inn på verdsarvsenteret i Geiranger, sukkar Løseth.

Taper pengar

I tillegg til at det er vått og trist med nedbør, taper stiftinga stort på arrangementa deira blir dårlegare besøkt enn venta. Storfjordens Venner blei oppretta for 40 år sidan og driv mellom anna restaurering av fråflytta gardar ved fleire sunnmørsfjordar.

- Vi taper mykje pengar på eit regnver. Vi har hatt opp i 1600 menneske på stemna våre når veret har vore bra, og vi skal jo ha inntekter til å drive dette, seier han.

- Ta med regnkle og støvlar

Husmannsplassen Kurlå ved Hellesylt

Storfjordstemnet 2015 skulle eigentleg arrangerast utandørs her på husmannsplassen Kurlå ved Hellesylt. Vervarselet gjorde at det ikkje blir noko av.

Foto: Storfjordens Venner

Søndag blir det difor Storfjordstemne på samfunnshuset i Hellesylt sentrum. Dei som framleis er ved godt mot kan gå eller ta båt til Åseneset og husmannsplassen Kurlå, der stemnet eigentleg skulle ha vore. Men Løseth rår ikkje folk om å ta med sommarkleda, dersom vervarselet slår til.

Dersom han vermannen i Bergen får rett, må dei ha regnkle og støvlar, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL