– Det er ein stor honnør til arbeidet vi har gjort gjennom snart 40 år. Det er både ein inspirasjon og ei god stadfesting av arbeidet vårt, seier Bjørn Asgeir Kvernberg som har jobba for Storfjordens venner i mange år.
Ønska seg prisen lenge
Kulturlandskapsprisen vert delt ut kvart år i samarbeid mellom Stiftelsen Norsk Kulturarv, Landsbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet. I år var det 33 kandidatar til prisen. Storfjordens venner får blant anna prisen for å ha formidla kunnskap om levemåte, gardsrift og byggeskikk.
– Kom det uventa på dykk at de fekk ein såpass prestisjetung pris?
– For å vere heilt ærleg, så har vi ønska oss den prisen lenge, seier Kvernberg.
– Eg synest det var veldig fortent for vi har jobba jamt og trutt med dette arbeidet i mange år, legg han til.
- Les også:
Prisutdeling på Ytste Skotet
Ifølgje Kvernberg har ikkje foreininga enno diskuter korleis prispengane på 50 000 kroner skal brukast.
– Uansett er prisen ein inspirasjon for oss – slik at vi vil jobbe endå hardare for kulturlandskapet vår.
Prisen vert delt ut fredag klokka 12 av juryleiar og landbruksminister Sylvi Listhaug på fjellgarden Ytste skotet.
– Då håper eg at mange finn vegen til ytste skotet tek turen og vert med på markeringa, seier Kvernberg.
Sjå «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» frå Yste Skotet: