Verdsrekordforsøk frå Katthammaren

I dag kan så mange som 100 basehopparar hoppe ut frå Katthammaren i Eikesdal i Nesset i eit forsøk på å sette verdsrekord. I juni omkom ei svensk kvinne under eit basehopp på same fjellet. – Vi har vore i dialog med arrangøren og reknar med at dette er godt planlagt og set difor ikkje inn ekstra ressursar, seier lensmann Hallvard Vermøy i Sunndal. Arrangørane seier at dei set tryggleiken høgt og stadfestar at hoppa er planlagt i lang tid. Det blir berre blir hoppa dersom veret tillet det. Tidlegare har over 50 hopparar frå 13 nasjonar hoppa frå Katthammaren.

Video Basehopprekord
Foto: Nyhetsspiller