Hopp til innhold

Verdas lengste sofa

Verdas lengste sofa blei montert under Sykkylvsdagane laurdag, 61,52 meter!

Verdas lengste sofa

Sofalaurdag på Sykkylvsdagane

Foto: Jon Hole

I fjor sommar laga ein dansk møbelprodusent verdas til då lengste sofa på 51 meter. Men den rekorden høyrer heime i møbelbygda Sykkylven, meinte møbelprodusentane der. Og dei siste vekene har møbelfabrikkar og underleverandørar gått saman om å setje ny verdsrekord!

Det var ordførar Jan Kåre Aurdal og lensmann Evelyn Liseth som kontrollmålte rekordsofaen til 61,52 meter, vel 10 meter lengre enn den danske. Programleiar Arve Ekornes sa at dersom danskane no yppar til strid, kan sykkylvingane utan problem byggje ein sofa som er 100 meter lang eller meir. No skal sykkylvssofaen inn i Guinness rekordbok.

Sofaen full av folk

Sofaen full av folk

Foto: Jon Hole

Som eit ekstrapoeng skulle det prøvast ut kor mange det var plass til i sofaen. 195 greidde å trengje seg saman i den lange sofaen. Det var ikkje stilt krav om at dei skulle ha det komfortabelt!

Mesteparten av det sjeldne møbelet skal gjevast bort til institusjonar og skular. To sofagrupper blei auksjonerte bort til om lag 8000 kroner kvar.