Hopp til innhold

Ver obs på steinleggarar

Politiet oppmodar folk i Ålesundsområdet om å vere på vakt mot omreisande, utanlandske steinleggarar.

 

Folk kan bli både lurt og trua, og kan risikere å betale for arbeid som ikkje blir ferdigstilt.
 

Steinleggarane kjem frå England, og er truleg dei same som var her i fjor sommar.

Dei siste dagane har politiet mottatt fleire meldingar om at slike handverkarar opererer på Sunnmøre.