Uvêret Amy tok ut både straumen og mobilnettet mange stader i landet. Det har gjort det vanskeleg for folk å kome i kontakt med helseteneste.
Innbyggarar i Eidsvåg i Molde har vore utan mobilnett sidan laurdag.
– Spesielt mobildekninga vil ha store konsekvensar. For det vil vere eldre med tryggleiksalarmar og sånne ting, som då i stor grad blir sett ut av spel. Det vil også vere vanskeleg å nå naudnummer og legevakt.
Det seier Øystein Nerland, beredskapsleiar i Norsk Folkehjelp i Nesset.
Dei har sett opp ein eigen basestasjon for å levere mobilsignal via Starlink. I tillegg er dei bindeledd mellom legevakta og heimetenesta.
Det er mykje å rydde opp i Eidsvåg. – Det var vindkast som vi aldri har opplevd før, seier kyrkjetenar Andreas Stokkeland.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKStørste på ti år
Totalt var 1200 basestasjonar nede i helga, ifølgje regjeringa. Måndag ettermiddag var det framleis mange som ikkje hadde fått tilbake dekninga.
Bjørn Amundsen, dekningsdirektør i Telenor, seier det vil ta tid. 200 av basestasjonane deira er framleis «ute».
– Det er alvorleg når vi får eit kraftutfall som slår ut 125 husstandar pluss næringsliv og mobiloperatørane frå Trøndelag til Agder, seier Amundsen.
Kartet viser område på Nordmøre og i Romsdal utan dekning måndag formiddag. Dei raude område er utan mobilnett, og dei oransje har dårleg dekning.
Illustrasjon: TelenorHan seier det er det største kraftutfallet han har sett på ti år.
Dei største områda som har vore påverka er Orkdal ned mot Røros og delar av Østerdalen. I Møre og Romsdal har indre strøk av Nordmøre og Romsdal vore hardast råka.
Alle basestasjonane i Noreg har batteri. Dei fleste varer i fire timar når straumen er vekke.
Amundsen seier at dei har brukt fleire milliardar på tryggleiksmekanismar. Samtidig seier han at det er umogleg å gardere seg når stormar som «Amy» kjem.
– Er vi godt nok rusta?
– Det er lett å seie at vi ikkje er det. Det å ha beredskap på det på kommunar, og oss også som teleoperatør, er det ingen tvil om at vi må trene meir på. Vi får meir uvêr, seier Amundsen.
Norsk folkehjelp måtte hjelpe til med kommunikasjon og helsehjelp då basestasjonene gjekk ned.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKHeimetenesta fekk ikkje kontakt
Det bekrymrar ordføraren i Molde at det tar så langt tid for fleire å få tilbake dekninga.
– Varigheita gjer det ekstra krevjande. Ein blir uroa for dei som vil kome i kontakt med kommunen, særleg dei som mottek hjelp frå kommunen, seier ordførar Trygve Grydeland.
Han fortel at heimetenesta ikkje fekk reist ut under uvêret, fordi det ikkje var trygt å køyre fleire stader.
– Det viser kor sårbar ein er i ein så stor geografi. Når slike ting skjer blir ein lamma, seier Grydeland.
Ordførar i Molde, Trygve Grydeland.
Foto: Remi Sagen / NRKOrdføraren seier at dei no har kontroll på situasjoneen. Han seier at dei vil gå gjennom handteringa for å lære frå hendinga.
– Dei fleste i landet har på plass telefon no. Der må vi sjå korleis det kan gå raskare. Det har sett innbyggarane våre i ein forferdeleg sårbar situasjon.
– Ikkje godt nok
Regjeringa lover ei stor satsing for å hindre at mobilar og breiband går i svart til neste ekstremvêr.
– Helsetenester blir påverka, du får kanskje ikkje betalt i butikkar. Det er ikkje godt nok, og det er grunnen til at Arbeiderparti-regjeringa no løyver store summar for å få opp basestasjonar med reservestraum, og til å sikre kommunane våre, seier digitaliseringsminister Karianne Tung (Ap).
Karianne Tung er digitaliseringsminister i regjeringa.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTBDei vil løyve 400 millionar kroner til å betre straumberedskap og sikrare digital infrastruktur. I tillegg vil dei at dobbelt så mange kommunar skal få forsterka Ekom innan 2030, samt satse på meir tilgang på reservestraum, mobilt naudnett, og utvida dekning med satellitt.
– Når basestasjonane går ned, så mistar ein kontakt med resten av verda. Det kjenst ut som alt rundt deg går i svart, og det kan vere ganske dramatisk, seier Tung.