Oppryddinga etter ekstremvêret «Amy» førre helg er ikkje ferdig, før nytt uver er på veg. Det er gult farevarsel for vind og nedbør i delar av Møre og Romsdal. I indre strok er det oransje farevarsel for jord- og flaumfare.
Dei tilsette i energiselskapet Elinett i Romsdal gjer seg klar for enda ei uvêrshelg.
– Vi set inn ekstra mannskap. Det betyr at vi har auka beredskapen i forhold til ein normal situasjon, seier Even Blakstad. Han er leiar for kunde- og kommunikasjon i Elinett.
Even Blakstad i Elinett er budd på at det kan bli nye straumbrot i helga.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKSeint fredag ettermiddag melde brannvesenet om ein tilhengar som velta i vinden på Tresfjordbrua. Dei har hjelpt til med å sikre den på ein bilbergar.
Oså ein båt ser ut til å ha blitt tatt av vinden. Politiet etterlyser eigaren av fritidsbåten, som blei funne i Kvernesfjorden i Averøy.
Politiet etterlyser eigaren av denne båten i Averøy.
Foto: Politiet
Fryktar at skadde tre skal velte
Elinett fryktar at linjenettet og skogen har blitt svekt etter uvêret Amy. Når det no kjem meir vind og mykje nedbør, kan det føre til nye straumbrot. Grunnen er at allereie skadde tre og stolpar kan velte.
Elinett fryktar også at dei store nedbørsmengdene skal føre til jordras over kraftlinene.
– Vi håpar det skal gå betre enn vi fryktar, men vi er førebudde på det verste, seier Blakstad.
Han innrømmer at det dårlege vêret fører til høgt press på mannskapet. Både eigne montørar og innleigde har jobba på spreng for å rydde opp etter Amy. Dette er farleg arbeid og det er tidkrevjande. No pakkar dei bilane med utstyr og sager til helga.
Kriseleiinga i Molde kommune har fredag ettermiddag hatt eit møte om farevarselet i helga. Kommunen seier dei har folk i beredskap gjennom helga og følgjer situasjonen tett.
Ei gamal løe i Surnadal vart smadra under Amy. Også denne helga er det meldt kraftige vindkast.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKEi helg med mykje regn og vind
Meteorolog Leonidas Tsopouridis seier at vinden blir kraftigast i fjellet og lengst nord i fylket fredag.
– Det kan bli vindkast på 25 til 30 m/s frå sørvest og liten storm på kysten, seier Tsopouridis. Det er også sendt ut farevarsel for mykje nedbør. Dette gjeld først og fremst i indre strok av Møre og Romsdal. Der kan det kome 40 til 50 mm i løpet av 12 timar.
– Det har kome mykje regn i det siste, så det er fare for vanskelege køyreforhold og overvatn, seier meteorologen.
Også laurdagen er prega av mykje regn og kraftig vind. Det er også sendt ut oransje farevarsel for jord- og flaumfare i enkelte kommunar.
– Sjekk sluken din
Eivind Klokkersund, operasjonsleiar i Møre og Romsdal, seier at dei kjem til å følge med på situasjonen, som følge av det oppjusterte farevarselet.
– Sånn generelt så bør folk gå over sluk og liknande og sjekke at vatnet blir leia dit det skal, seier Klokkersund.
Han minner også bilistar til å køyre etter forholda.
– Skal du over fjellovergangane så er det viktig å ha rette dekk og utstyr, seier han.
Klokkersund ber folk om å halde seg oppdatert og melde frå om noko skjer.
– Vi oppfordrar folk til å folk til å følge godt med på vêrmeldinga å sjå kva informasjon som blir sendt ut frå dei ulike etatane. Og så er det å varsle til naudetatane om det er noko akutt som oppstår.
Operasjonsleiar i politiet i Møre og Romsdal, Eivind Klokkersund, ber folk ta ei runde rundt huset sitt og sjekke.
Foto: Remi Sagen / NRKLade mobilen
Også energiselskapet Elinett har ei oppmoding til folk.
– Tenk på eigenberedskapen din, seier Even Blakstad. Sjekk at du har batteri i lommelykta, oppladd mobiltelefon og at du har ei ekstra varmekjelde dersom straumen forsvinn. I tillegg bør ein ha vatn tilgjengeleg.
Han ber også folk ta kontakt med dei dersom dei ser velta tre eller stolpar som ligg på bakken.
– Det kan vere livsfarleg å prøve å ta hand om dette på eiga hand, seier Blakstad.
Det var sterke krefter i sving på Marstein.
Øyvind Sandnes / NRK