Hopp til innhold

Steinras råka hus i Sunndal: Evakuerte får ikkje flytte heim før søndag

Fleire blei evakuerte etter at steinsprang trefte eit hus i Sunndal. Dei får truleg ikkje flytte heim før søndag.

Steinsprang i Tredalen i Sunndal

Her trefte steinen kanten av huset.

Foto: Håvard Kling

Fredag kveld fekk politiet melding om eit steinsprang som hadde treft eit hus i Tredalen i Sunndal. Huset er tomt, men nærmaste naboar blei evakuerte. Totalt var det snakk om fem hus.

Politiet har varsla ein geolog. Laurdag føremiddag var kommunen på plass på staden for å undersøke område. Dei har mellom anna brukt ei drone for å få meir oversikt.

– Politiet har bestemt at dei evakuerte ikkje kan flytte heim før søndag, seier Bjørn Flemmen Steinland, kommunedirektør i Sunndal.

I mellomtida er dei evakuerte innlosjerte andre stadar. Ein geolog skal etter planen kome og undersøke område søndag.

– Det er meldt så mykje regn i dag at vi fann ut at det var lurt å avvente undersøkingane til i morgon, seier Steinsland.

– Kvesta alt den trefte

Håvard Kling eig huset som blei råka, men bur for tida ein annan plass.

– Utifrå forholda kunne det gått betrakteleg mykje verre enn det har. Heldigvis pussar vi opp huset, seier Kling til NRK fredag kveld.

Han fortel at det kom ned to steinar, ein som råka kanten av huset hans og ein som gjekk i hagen til naboen.

– Steinen hadde nok ganske stor fart, for den har kvesta alt den trefte. Hadde den treft lenger inn så hadde den sikkert gått ned i kjellaren, seier Kling.

Steinsprang i Tredal i Sunndal

Fleire hus er evakuerte etter at eit steinsprang trefte eit hus i Tredalen i Sunndal.

Foto: Katrine Silseth Naas / Driva

Det går bratt opp frå nabolaget til fjellet som ragar 1644 meter over havet. Klinge meiner steinane på ha losna høgt oppe, sidan dei ikkje blei tatt av rasvollen.

– Det er kjempeskummelt, men det er litt sånn ein berre må ha i bakhovudet når ein bur så nære fjellet som ein gjer, seier han.

Fleire ras fredag

Fredag gjekk det også to jordras langs Eikesdalsvatnet i Molde. Vegen blei sperra, men opna igjen fredag kveld.

Norangsdalen på Sunnmøre stengd etter at det gjekk steinsprang i 18-tida. Vegen blei stengd preventivt fram til klokka 12.00 laurdag på grunn av rasfaren, opplyser Vegtrafikksentralen.

Også i på E6 i Vuddudal i Trøndelag gjekk det eit mindre ras fredag, opplyser politiet.

Lite ras i Vuddudalen

Det gjekk eit lite ras på E6 i Vuddudalen i Levanger.

Foto: Politiet

Klokka 18.45 var over 900 husstandar utan straum i Vågå og Sel i Gudbrandsdalen. Det var mykje vind i området, men nettselskapet Fjellnett opplyste at dei ikkje visste kva som var årsaka til at straumen var borte.

Straumen gjekk også for nesten 2500 husstandar på Frosta i 20-tida fredag. Ein halvtime seinare hadde om lag 2300 av dei fått han tilbake, sa Ingvild Asp i Tensio.

Dei har bemanna opp i samband med uvêret.

– Vi er førebudd med både mannskap og utstyr på at det blir mykje feilretting både i natt og i morgon, sa ho til NRK fredag kveld.

Innbyggjarane advares om nytt uvêr: – Det har jo blåst bort det som kan blåse bort

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Meldt mykje regn

Det er meldt mykje regn på Nordvestlandet, i Møre og Romsdal og over Dovre i helga.

Det aukar risikoen for at flaum- og jordskred stenger vegane, åtvarar Vegvesenet i ei pressemelding.

− På grunn av allereie fulle elver og at det kjem meir nedbør, er det fare for jord- og flaumskred fredag kveld og natt, og utover laurdagen, seier Per Ove Fossheim i Statens vegvesen.

Han seier vegar på Nordvestlandet og i Midt-Norge kan bli stengde på kort varsel, og ber reisande om å halde seg oppdatert.

Les også Ventar at tre kan velte og straumen forsvinne

Stormskader etter Amy på Marstein- her hos Marius Remmem