Hopp til innhold

Ser du denne på vegen bør du vere varsam med å køyre forbi

«Gigantvogntog» får innpass på stadig fleire norske vegar. Dei ser kanskje like ut bakfrå, men utolmodige bilistar kan få seg ei overrasking.

Modulvogntog på Pipelife-fabrikken i Surnadal

Regjeringa har opna for 25 meter lange såkalla modulvogntog på riks- og fylkesvegar.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

I årevis har dei vore på enkelte motorvegar, men no kjem dei for alvor rundt i distrikta. I desember opna regjeringa for modulvogntog på riksvegar, og i april blei også ei rekke fylkesvegar og kommunale vegar lov å køyre på.

Slike modulvogntog kan vere opptil 25,25 meter lange, mot maks 19,5 for vanlege vogntog. Dermed krevst det større køyrelengde for å passere dei. Trygg trafikk åtvarar bilistane til å vere forsiktige.

– Det vil truleg skape trafikkfarlege situasjonar, og kanskje føre til alvorleg skade dersom ein feilbereknar, seier Per Gjerde i Trygg Trafikk.

Per Gjerde, styreleiar i Molde HK Elite

Per Gjerde er regionleiar for Trygg Trafikk i Møre og Romsdal

Foto: Roar Strøm / NRK

Med et 5–6 meter lengre vogntog, treng ein lenger tid for å køyre forbi. Dersom ein er vant med vanlege vogntog, er det ikkje sikkert ein greier å berekne fart og tid.

– Ein klarer rett og slett ikkje å kome seg forbi, og med stor hastigheit, kan ein kome til å køyre av vegen.

Samtidig kan fleire lange vogntog bety færre vogntog totalt, noko Gjerde meiner er ein fordel for trafikktryggleiken.

Modulvogntog på Pipelife i Surnadal

Denne veka køyrde det første modulvogntoget lasta med røyr frå Surnadal til Austlandet.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Lønsamt med store vogntog

På røyrfabrikken Pipelife i Surnadal rulla det første modulvogntoget ut frå fabrikken på tysdag, etter at det blei lov å bruke dei på vestlandsvegane rundt.

– Det er ein milepæl vi har jobba mange år for å få til. Det er viktig for distriktet at vi får sikra like konkurransevilkår, seier Atle Norli, dagleg leiar i Surnadal transport.

Atle Norli, daglig leder i Surnadal transport

Atle Norli i Surnadal transport er glad for at modulvogntog endeleg er mogleg å bruke i området deira. Det jamnar ut konkurransen i bransjen, meiner han.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

To slike vogntog rommar like mange røyr som tre ordinære, det er dermed svært lønsamt. Transportselskapa kjem dermed til å skaffe fleire modulvogntog til oppdrag der det er praktisk mogleg.

– Er dei trygge å køyre?

– Vi har hatt 24 meters tømmervogntog i trafikk i mange år utan problem, så det er eg ikkje bekymra for. Men vi lyt vere vakne på kvar vi sendar desse bilane, det er ikkje alle stader dei er like eigna, seier Norli.

Modulvogntog på Pipelife-fabrikken i Surnadal

Det skal vere godt synleg dersom det er eit modulvogntog eller spesialtransport. Ein bør derfor sjå nøye etter før ein vurderer å køyre forbi.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Vit kva du har føre deg

Køyrelærar Ann Solveig Boksasp stiller spørsmål ved om ein har behov for å køyre forbi vogntog i det heile tatt, då dei fleste i dag klarer å halde fartsgrensa. Men gjer man det, er det viktig å tenke på fartsforskjellen mellom deg og den du køyrer forbi.

– Ein skal ha sikkerheitsmargin så det skal kunne kome ein bil imot, utan at det går gale, seier Boksasp.

Ho påpeiker at det er svært viktig å sjå bak på køyretøyet for å vite kva ein har føre seg.

– Eg trur mange tenker at det er eit vanleg vogntog fordi det er det vi er vane med. Så har ein plutseleg 2–3 sekund til der du skal vere i feil køyrefelt, seier ho.

Øvelseskjøring i Kristiansund. Kjørelærer Ann Solveig Bokasp og elev Stine Bakk (17, 18 i mai 2021).

Køyrelærar Ann Solveig Boksasp på Holaas trafikkskole har køyretime med Stine Bakk.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Stine Bakk (17) er eleven hennar, og har enno ikkje fått bryne seg på forbikøyringar. Når ho sit på synest ho det er ubehageleg også når vanlege bilar blir passert.

– Berre ein er på feil side av vegen så kjenner ein seg ekstra utsett, så det at ein skal kome forbi eit så langt køyretøy verkar ganske uverkeleg for meg, seier Bakk.

– Kva viss det ligg i 40 km/t og du skal rekke ei ferje?

– Det er freistande sjølvsagt, men har eg ikkje plass, så har eg ikkje plass. Eg tenker meir på mi eiga tryggleik enn den ferja ein skal rekke.