Hansen kan bli eksklusivt

Om 150 år kan Hansen vere eit eksklusivt etternamn i Noreg. I alle fall om utviklinga held fram som no.

Fredrik Steen

Fredrik Knutsen vart til Fredrik Steen. Artisten er ein av mange som har valt vekk eit etternamn som sluttar på -sen.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Ivar Utne

Ivar Utne er namneforskar ved Universitetet i Bergen.

Foto: UiB

Namneforskar Ivar Utne ved Universitetet i Bergen stadfestar at -sen namna blir færre.

– Det er omlag ein million menneske i Noreg som har -sen namn - ca 22,5 prosent av alle innbyggjarane. Tidleg på 1900-talet hadde 50 prosent av folket -sen namn. Det har gått sakte men sikkert nedover, og det er stort sett gardsnamn som har erstatta -sen namna, forklarar han.

Skifta namn

Statistikken viser mellom anna at mange kvinner vel vekk -sen namn når dei giftar seg. Det er også stadig færre born som får -sen namn når dei kjem til verda.

Artisten Fredrik Steen er ein av dei som har ført til at det blir færre med -sen namn. Han bytta ut Knutsen.

– Steen er familienamnet til mor mi. Eg tok det fordi det flyt mykje betre enn Fredrik Knutsen. To k-ar etter kvarandre. Det stoppar heilt opp. Fredrik Steen er eit betre artistnamn. I tillegg er slekta til mor mi lita, seier Steen.

Han fekk mange reaksjonar då han valde å skifte namn.

– Det var ein som spurte meg om eg hadde kome på kant med faren min. Det gjekk mange historier, men no har det gått seg til, seier han.

Går fort

Men vil eit -sen namn nokon gong bli eksklusivt i Noreg? Namneforskar Ivar Utne er usikker, men slår fast at utviklinga går fort.

– Eg har sett på nokre av dei vanlegaste -sen-namna våre, som Hansen og Olsen. 1/4 av dei har forsvunne frå 1975 til i dag. Det seier litt om farta i dette.

– Kor lang tid vil det ta før Hansen er borte?

– Vi er no på ca 56 000 Hansen i Noreg. Det forsvinn 300 i året. Altså ca 1000 kvart tredje år. Då vil det ta omlag 150 år. Men det er mange måtar å telje på, seier Ivar Utne.

Les meir på Ivar Utne si namneside