Hopp til innhold

Tek mannen og namnet

8 av 10 kvinner gjer som Ragnhild Elisabeth Isaksen Klokk. Dei tek mannens etternamn når dei giftar seg.

Gifta seg i sommar.

Ragnhild Elisabeth Isaksen Klokk tok namnet til ektemannen Stein Erik Klokk då dei gifta seg i sommar.

Foto: Privat

Ragnhild Elisabeth Isaksen, vart til Ragnhild Elisabeth Isaksen Klokk då ho gifta seg med sambuaraen gjennom mange år - Stein Erik Klokk - i sommar. Ho er ikkje åleine.

Diskutér til slutt i artikkelen: Er namnebyte ved ekteskap ein god ting?

Mange årsaker

Ivar Utne

Namneforskar Ivar Utne.

Foto: UiB

Kvinner flest tek mannen sitt etternamn når dei giftar seg. Det seier namneforskar Ivar Utne ved Universitetet i Bergen.

Han trur det er mange årsaker til at kvinner framleis tek mannen sitt namn - trass i samfunnet sitt krav til likestilling i andre saker.

– Dei er redde for å komme på kant med svigerforeldra.

– Er det forska på, eller berre noko du trur?

– Det er noko eg trur. Men når vi spør folk om dette, så svarer dei ofte at det er eit ønskje om å ikkje skape konflikt i familien. Det handlar også om kjærleik. Dei er så glade i denne mannen at dei også vil ha etternamnet hans. Og så handlar det sjølvsagt om tradisjon, seier Ivar Utne.

Her kan du verkeleg fordjupe deg i temaet "Kvinner og etternamn"

Sambuarar skiftar ikkje

Men fleire kvinner enn før held på sitt eige namn i tillegg til å ta mannen sitt når dei giftar seg.

Dessuten er det veldig mange som ikkje giftar seg - og sambuarar skiftar nesten aldri namn.

Ivar Utne har dermed rekna seg fram til at omlag 60 prosent av norske kvinner som er i eit parforhold held på sitt eige etternamn i dag.

Les meir på Ivar Utne si namneside

Var ikkje i tvil

Ragnhild Elisabeth Isaksen Klokk var aldri i tvil om at ho skulle ta namnet til mannen då dei gifta seg. Ho meiner dette stadfestar at dei offisielt er ein familie. Dei to sønene og ho har no like etternamn.

– Eg var aldri i tvil. Det var alltid meininga at eg skulle ta hans namn den dagen vi gifta oss.

– Men du ville ikkje ta heilt vekk ditt eige etternamn?

– Nei, det ville bli feil. Det har noko med identitet å gjere. Og så er ikkje Klokk så langt. Det går fint an å bruke i kombinasjon med Isaksen, seier Ragnhild Elisabeth Isaksen Klokk.