Hopp til innhold

Snøskred var beinbrot

Politiet fekk i 12-tida melding om snøskred på Fjellsætra i Sykkylven. Då mannskap kom fram til staden viste det seg at det var langt mindre dramatisk.

Ambulanse ved Fjellsætra

Nødetatane rykte ut til Fjellsætra då det kom melding om skred, men som viste seg å vere ei skiulykke og eit beinbrot.

Foto: Hallstein Vemøy / NRK

Både hovudredningssentralen, patruljar og samvirkeaktørar blei sende til Fjellsætra. Dei prøvde først å lokalisere raset, men utan å finne noko.

Mannskapa ba om tips som viste noko meir, og etter kvart viste det seg at det var langt mindre dramatisk enn eit skred.

– Vi har no fått 100 prosent stadfesta at det var ei singelulykke, der ein person har brote beinet. Vedkomande blir frakta ned frå fjellet og får nødvendig hjelp. seier operasjonsleiar Tove Susann Brunvoll Horst-Dyrnes.

Det er likevel all grunn til å vere varsam i fjellet, for det er meldt om stor snøskredfare i fjellet. I dette området er det i tillegg snøver.

Yrande liv ved Fjellsætra i Sykkylven

Det var mykje folk ved Fjellsætra i Sykkylven i dag, og heldigvis viste meldinga om snøskred seg å vere langt mindre dramatisk.

Foto: Hallstein Vemøy / NRK