Hopp til innhold

– Festi e' slett ikkje slutt

Vassendgutane kjem med nytt album 9. mars. – Festi ekje slutt, er tittelen. Og alt no er det klart at plata sel til gull. På kvinnedagen blir det «Silikon i Tatti» på Karl Johan, heilt gratis.

Vassendgutane

– Festi ekje slutt, ifølgje Vassendgutane. No er dei klar med ny plate, og har gratiskonsert på Karl Johan på kvinnedagen.

Foto: Marit Lystad Johansen / Pressefoto

Ut til butikk er det seld 15.000 eksemplar. Og karane i bandet frå Ørsta feirar hendinga med gratiskonsert på sjølvaste hovudgata i Oslo, Karl Johan på kvinnedagen 8. mars klokka 20.00.

Vassendgutane

Arthur Johan Bjørdal og Rune Brautaset frå Vassendgutane på besøk i NRK-studio i Ålesund.

Foto: Terje Reite / NRK

– På plata er det nokre nye låtar. Og det er ei samleplate med det beste frå Vassendgutane. Vi syns sjølve at dette har blitt veldig, veldig bra, seier Rune Brautaset til NRK.

– Gatefest i Oslo

Torsdag 8. mars samlar dei seg utanfor ein av dei kjende og tradisjonsrike pubane i Oslo. Arrangørane reknar med at dei må ta deler av gata til hjelp, om «Silikon i Tatti» tek heilt av på kvinnedagen.

Etterpå skal vi på tur til Kiel. Det er sett opp fleire bussar frå Sunnmøre. Det er veldig med folk som har meldt seg på. Etter det vi har fått høyre er det ikkje noko poeng å annonsere meir for denne turen. Dette lovar bra, seier Arthur Johan Bjørdal.

– De gjorde det veldig godt med plata XO, og gjekk til topps på VG-lista og selde til dobbelt platina. Hadde de trudd dette då de starta?

– Nei. Det hadde vi aldri trudd. Ingen som høyrde oss på den første framføringa på storlygarfesten i Åmdalen trudde at det kunne bli slik det har blitt i dag. Vi trudde det ikkje sjølve heller, seier Rune Brautaset.

– Publikum er viktigast

Plata heiter «Festi ekje slutt». På skriftspråk tyder det «Festen er ikkje slutt». Dermed markerer Vassendgutane at dei ikkje har tenkt å gje seg enno.

Vi skal halde på så lenge publikum kjem og vil høyre på oss. Publikum er det viktigaste for oss. Kritikarane er der alltids. Men det er publikum vi spelar for, seier Arthur Johan Bjørdal.

Kjem de til å halde på i 15 år til?

– He, ja vi får sjå kva doktorane seier, skrattar Arthur Johan Bjørdal.

– Ja. Sindre (Aam) brukar å seie at vi skal halde på så lenge helsa og Vår Herre vil. Det er eit godt uttrykk, humrar Rune Brautaset.

– Det har blitt rolegare med åra

Begge medgir at Vassendgutane-stilen har blitt rolegare med åra. Sceneshowet har det same trykket som før. Men livet etter konsertane har roa seg ned.

Det er ikkje slik det var for 15 år sidan då vi byrja. No legg vi oss stort sett etter konsertane. Skulle vi ha med oss alle nachspiela så kunne det ikkje vare lenge. Det seier seg sjølv. Og vi skal halde ut og halde på så lenge folk kjem på konsertane våre, seier Bjørdal til NRK.