Hopp til innhold

For første gong på countrytreff

Olav Stedje er eit av trekkplastera til countrytreffet på Breim i sommar.

Olav Stedje

NYBEGYNNAR: Olav Stedje skal delta på Norsk Country Treff på Breim for første gong i sommar. Han gler seg til å opptre, men seier han legg att hatten heime.

Foto: pressefoto

- Vi er stolte over å kunne presentere Stedje for første gong under festivalen, seier Kristin Sandal i Norsk Country Treff.

Aldri vore på countrytreff

Steinar Albrigtsen

EKTE COWBOY: Steinar Albrigtsen vert rekna som ein habil countryartist med fleire countrylåtar på cv`en sin. Han dukkar opp på Breim i sommar.

Foto: pressefoto

Saman med Steinar Albrigtsen, Billy Yates, Georgette Jones, Nothin´Fancy, Vassendgutane, Ida Jenshus, Gunslingers og The European Highwaymen skal sogndølen underhalde publikum på Breim i sommar.

Stedje vart overraska over å bli spurt om å spele på festivalen.

- Eg synest det er veldig hyggeleg sjølvsagt, men eg har aldri vore på countrytreffet og veit ikkje heilt kva som ventar meg, seier Stedje.

Hektiske festivaldagar

Publikum på countryfestivalen på Breim

POPULÆR: Kvart år samlar tusenvis av countryglade folk seg på Breim for å danse og høyre musikk.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Han skal delta på fleire ulike arenaer på countryfestivalen.

Han vil halde barnekonsert under Barnas Countrytreff i Trivselshagen, opptre på konsertane for eldre i institusjonane i kommunen, under kyrkjekonserten i Breim Kyrkje, og på Kolbeins Saloon laurdag kveld.

Stedje vil nok mange seie høyrer til popsjangeren. Men han har gjennom fleire år laga countrylåtar, og vil garantert spele nokre av dei på festivalen.

- Ikkje ein countryartist

Linedance på Breim

LINEDANCE: Det vert dansa både dag og natt på Breim når det er festival.

Foto: MMS-foto: Heidi Fagna / NRK

- Eg ser meg ikkje sjølv som ein rein countryartist, men eg har jo laga nokre låtar opp gjennom åra som har country i seg. Musikksjangeren har fine melodiar og det kjem litt an på kva for instrument ein puttar inn i ein song. Ein mandolin eller banjo kan bli ekte country, seier artisten som i år feirar 30-årsjubileum som artist.

Han kjenner ikkje alle dei andre artistane som skal delta på festivalen, men gler seg til å treffe dei.

- Det er jo veldig moro at så mange er interesserte i denne musikken. Og det er flott at det er eit slikt arrangement i fylket, seier Stedje.

Stolt av å få vere med

Countryfestivalen på Breim

GOD STEMNING: Olav Stedje er glad han vart spurt om å spele på Norsk Country Treff og håpar det vert like god stemning som det har vore dei andre åra, som her på biletet.

Foto: Tone Lin Støfring

Albrigtsen derimot er for mange ein av dei mest kjende "cowboyane" i Norge sidan han starta som artist i 1990.

- Eg vert litt stolt av å få spele på ein festival som er så populær. Men eg legg att hatten heime, ler Stedje.