Varmgang i kontakt

Naudetatane rykte nyleg ut til ein tomannsbustad på Hatlane etter melding om varmgang i ei kontakt. To barn og tre vaksne hadde sjølv kome seg ut av bustaden. Ein av dei vaksne har pusta inn litt røyk og får behandling av helsepersonell. Dei andre skal vere uskadd, opplyser politiet.