Hopp til innhold

Varetektsfengsla i fire veker

Ein mann i 40-åra busett på Sunnmøre er varetektsfengsla i fire veker etter å ha brote seg inn og gjort skadeverk på Geiranger kyrkje natt til måndag. Mannen blei arrestert like etter hendinga. Mannen er også sikta for brot på utlendingslova og har jobba ulovleg i Noreg. Politiet bad om fire vekers varetektsfengsling for mannen på grunn av frykt for at han ville forlate landet om han blei slept fri.

En av de knuste rutene i Geiranger kirke.
Foto: Tipser