Hopp til innhold

Snøkave gjer leitearbeidet vanskeleg

Politiet har trekt ned att ein del av mannskapet på grunn av veret.

Godøya

Det er vanskelege leiteforhold på Godøya. Politiet har trekt tilbake ein del av mannskapet på grunn av vêret.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Store styrker frå blant anna politi, Heimevern, Røde Kors, Norske redningshundar og frivillige leiter etter ein 68 år gamal mann som ikkje kom heim frå fjelltur i går ettermiddag.

– Utfordringane vert større og større i det tette snødrevet. Leiteforholda har blitt verre, seier Karl Anton Lorgen. Han er kaptein i Heimevernet.

Bratt og glatt

Dei har tre troppar som er ute i fjellet og leitar. I tillegg til snødrev, er det bratt og glatt der dei leitar. Sikta er også dårleg.

– Vêret gjer at det allereie har byrja å skymast, og vi førebur oss på å jobbe i mørket, seier Lorgen.

Politiet jobbar ut ifrå teorien om at mannen har vore utsett for ei fallulukke. Dei har funne spor som kan tyde på at eit menneske har falle nedover fjellsida på sørsida av Storhornet.

Kalla ned att mannskap

Politiet har sett inn tre redningshundar der dei har funne spor. På grunn av det vanskelege vêret har dei trekt ned att ein del av mannskapet frå fjellet. Det skal ha snøa 15–20 centimeter på toppen av Storhornet.

– Vi hadde ei taugruppe frå Røde Kors som var på toppen av fjellet. Der var det uforsvarleg å ha folk, så dei vart trekt ned att, seier innsatsleiar Olav Ramnefjell.

Godt kledd

Han legg ikkje skjul på at det er utfordrande å skulle finne den sakna personen i desse leiteforholda. Snø og vind gjer at spor vert viska ut.

– Den sakna personen kan også bli skjult av snø, så det er ei kjempestor utfordring, seier Ramnefjell.

Mannen er turvant og skal ha vore godt kledd då han gjekk på fjellet onsdag føremiddag.

Kaptein i Heimevernet, Karl Petter Lorgen, forteller om Heimevernet sine oppgaver.

Kaptein i Heimevernet, Karl Anton Lorgen seier at utfordringane vert større og større i snødrevet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL