Hopp til innhold

Trur valdssakene blir oppklart

Valdsforskar er sikker på at overfallssakene i Ålesund blir oppklarte. Men politiet står framfor eit omfattande arbeid, og oppklaringa kan ta tid.

Kirkegata - Ålesund kirke

Fleire av overfalla har skjedd i dette området, like ved Ålesund kirke.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

På kort tid har har det vore overfall, valdtekt og valdtektsforsøk mot 7 unge kvinner i Ålesund sentrum. I to helger på rad har det vore slike tilfelle i bygatene. Politiet opplyser at dei set fleire av tilfella i samanheng.

Sakene blir oppklarte

Politiet har sett i verk dør-til-dør-aksjonar og for utanforståande kan det sjå ut som om politiet leitar i blinde etter gjerningsmannen. Valdsforskar Ragnhild Bjørnebekk seier det ofte er eit omfattande arbeid som skal til for å finne ein overgrepsmann.

Ragnhild Bjørnebekk

Valdsforskar Ragnhild Bjørnebekk.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

- Det er eit nitidig arbeid. Men slike folk blir vanlegvis tekne. Eg kjenner nesten ikkje til ei einaste slik sak som ikkje har blitt oppklart. Er det snakk om ein serieovergrepsmann så er dette ein mann som oppfører seg på visse måtar. Det er umogleg å ikkje legge att spor. Det vil vere vitneobservasjonar i slike saker. Slike saker blir oppklart, men det kan ta litt tid, seier Bjørnebekk.

- Jenter er utrolig naive

- Slutt å kalle jenter naive

Dna-profil

Politiet har opplyst at dei sit inne med dna-profil i samband med overfalla i mai 2009. Dersom tilfella i vinter er utført av same person har politiet viktige spor, seier Bjørnebekk.

- Har dei dna-profil veit politiet i alle fall om det er snakk om ein og same overgripar. Men dei må få tak i dna direkte frå denne mannen også for å sjå om prøvene samsvarar. Når politiet for slike opplysningar vil det vere lett å fastslå om det er same personen eller ikkje, seier Bjørnebekk.

Nytt overfall i Ålesund

Politiet i Ålesund etterlyser vitner

Politet styrker vaktholdet i Ålesund i helga

Politiet dyktige

Bjørnebekk legg vekt på at politiet har opparbeidd stor kompetanse på dette området. Overfallssaker er også høgt prioritert i politiet, seier ho.

- Politiet er gode på slike saker. Eg trur desse sakene blir oppklarte, seier Bjørnebekk. Og når ein person er teken for eitt overfall så kjem det ofte opp bevis for andre overfall også. Dersom det er snakk om same overfallsmann vil vi få oppklaring i ei rekkje saker, seier Bjørnebekk.

- Ålesund farligere enn New York

Billig taxi til redde jenter

Store personlegdomsavvik

Valdsforskar Ragnhild Bjørnebekk seier det skal store avvik i personlegdomen for å bli utvikla til ein serieovergripar. Ho seier det skal svært mykje til for at ein person skal gå til angrep på kvinner slik det har skjedd i Ålesund det siste året.

- Eit menneske har innebygt store sperrer i forhold til seksualitet. På same måten har menneske innebygt store sperrer for å ty til vald. Nå sperrene blir brotne ned på begge desse områda snakkar vi om store avvik i personlegdomen, seier Bjørnebekk. Desse blir jo både valdspersonar og seksualovergriparar, seier ho. Snakkar vi her om ein serieovergripar kan det også vere ein person som blir styrt av ein tvangstanke, og han blir driven til å gjere overgrep igjen.

Ulike personar

Bjørnebekk presiserer imidlertid at alle tilfelle ikkje er heilt like og at det alltid er snakk om variasjonar.

- Det kan vere folk som tek anabole steroidar. Desse får auka både aggresjonen og seksualdrifta. Og det kan vere mange forskjellige årsaker til at slikt oppstår, seier Bjørnebekk.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL