Hopp til innhold

Fryktar overfall blir gløymde

Bistadsadvokaten i Ålesund fryktar at tre kvinner som blei utsette for overgrep skal bli gløymde.

Monica Gjerde Sperre
Foto: Aina Rødal / NRK

- Feil framstilling

Bistandsadvokat Monica Gjerde Sperre representerer tre kvinner som blei utsette for overfall i mai i fjor. Ho meiner media og politiet framstiller det som om det ikkje har skjedd overgrep i Ålesund.

- Det som skjer no, er at saken blir fremstilt slik, iallefall i media, som at alle saker no er avslutta. Sakene frå mai blir framleis fullt etterforska, og Kripos er på saka, seier Gjerde Sperre.

Les meir om dei påståtte overfalla i Ålesund:

- Ekstra utfordring

Bakgrunnen for utspelet er ein pressekonferanse fredag der politiet sa at fem overfall etter jul viser seg å vere berre oppspinn. Politiet har brukt omfattande ressursar på etterforske sakene, og fem personar risikerer no å bli tiltalte for falsk forklaring. I går ettermiddag blei nyheita om dei falske meldingane tatt imot med vantru og sjokk i Ålesund, og blant dei tre kvinnene som Gjerde Sperre representerer.

- Eg har blitt oppringt av dei tre jentene som eg representerer. Dei er fortvilte over situasjonen som no har oppstått. Det at det no blir sett eit slikt fokus på desse sakene, gjer at det blir ei ekstra utfordring å takle kvardagen, seier ho.

Tre saker på ei natt

Natt til søndag 10. mai i fjor, fekk politiet på Sunnmøre inn tre meldingar frå tre kvinner som kvar for seg hadde blitt angripne på Aspøya i Ålesund. Den første blei også utsett for eit overgrep, og blei sendt til overgrepsmottaket ved Ålesund sjukehus for oppfølgjing. Under pressekonferansen fredag understreka politiet at etterforskinga framleis pågår for fullt i desse tre sakene.