Det opplyser politiet.
Det var torsdag ettermiddag at politiet fekk ei melding frå ein mann kom med trugslar mot ein annan person.
– Mannen trua med vald ved bruk av øks og vi valde difor å væpne oss, seier Arnt Rennan, operasjonsleiar for politiet på Nordmøre og i Romsdal.
Pågripinga av mannen skjedde utan dramatikk og ingen skal ha blitt fysisk skadd.
– Mannen blir no tatt med til politistasjonen i Kristiansund og blir truleg avhøyrd fredag, seier Rennan.