Hopp til innhold

Uver skaper problem i Møre og Romsdal

Sterk vind fører til forseinkingar i ferjesambandet mellom Molde og Vestnes søndag kveld. Ferja hadde søndag kveld store problem med å legge til kai.

Ferjetrafikk Molde-Vestnes

Fjord1 har sendt ut varsel om at trafikken mellom Molde og Vestnes blir forsinka på grunn av uveret.

Foto: Remi Sagen / NRK

SISTE: Eit jordras har gått ved Stordalstunnelen i Fjord kommune. Entreprenør er på veg.

Det varsla uveret langs kysten skaper problem i Møre og Romsdal søndag kveld.

Ferja mellom Molde og Vestnes har hatt problem med å legge til kai, og baksa mot vind og uver.

Samstundes blåste ein bilhengar av vegen på E39 på Tresfjordbrua like ved. Dette førte til at vegen blei stengd ei stund, men opna igjen omlag klokka 20.15.

I Kristiansund rykte brannvesenet ut for å sikre ei trampoline.

Laster Twitter-innhold

Og på Fursetfjellet har ein bil køyrt av vegen på grunn av uveret.

Meteorologisk Institutt har varsla full storm frå Trøndelag og nordover søndag kveld. Fleire fjellovergangar er allereie stengde.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL