Hopp til innhold

Fryktar hyttetak kan kollapse av enorme snømengder

Då Jørn Olav Løset (50) frå Volda endeleg kom fram til hytta i djupsnøen, kunne han berre gløyme å kvile seg. 2,5 meter snø trua med å få hytta til å knele.

Jørn Olav Løset måkar snø

Jørn Olav Løset fekk ein god dose trim då han måka hyttetaket sitt søndag. På det meste var det 2,5 meter snø på taket.

Foto: privat

Tanken på at åtte tonn snø, tilsvarande fem-seks småbilar, kvilte på hyttetaket, fekk fart på Løset og kona i Volda søndag.

Først gjekk dei halvannan time på ski i djupsnøen for å kome seg fram til hytta på Lisjebøheida i Dalsbygda i Volda. Så måtte dei gje seg i kast med dei enorme snømengdene på hyttetaket.

Nedsnødd hytte

På det høgste var det 2,5 meter snø på hyttetaket til ekteparet Løset i Volda i helga.

Foto: Jørn Olav Løset

Eg var sliten av å trakke løype i snøen, og i går var det tungt å gå, men det var berre å ta spaden og begynne, seier Løset og ler. Han rekna sjølv ut kor mange tonn som tyngde taket, før han gjekk laus på arbeidet.

Les også:

Ber om at det sluttar å snø snart

Dei siste dagane har det snødd tett fleire stader i landet, til glede for skientusiastar, men også til uro for mange hytteeigarar.

Ivar Hagen (59) har hytte på Folkestadsetra i Volda, og brukte også søndagen til å måke taket.

Ivar Hagen på toppen av sitt eige hyttetak

Ivar Hagen på toppen av sitt eige hyttetak. Han har aldri sett så mykje snø i området før.

Foto: privat

Eg hadde snø nesten opp til livet, seier han, og fortel at han ikkje kan huske å ha sett så mykje snø på setra.

For å i det heile tatt kome seg opp på hyttetaket måtte han til med gardintrapp.

– Det kan berre slutte å snø no, vi har ikkje bruk for meir, seier Hagen og ler.

Ber folk sjekke hyttene sine

Sindre Vasset

Skadesjef Sindre Vasset i Møretrygd ber hytteeigarar om å sjekke kor mykje snø som tyngjer taka.

Foto: Møretrygd

Forsikringsselskapa ber folk om å sjekke hyttetaka sine, etter dei store nedbørsmengdene dei siste dagane.

Ein gamal tommelfingerregel er å måke taket når snømengda overstig ein halv meter. Nyare hytter, bygde etter 1980, toler gjerne meir, opp i 1,20 meter tørr snø, ifølgje Direktoratet for byggkvalitet.

Skadesjef Sindre Vasset i Møretrygd seier dei ikkje har fått inn meldingar om knelande hyttetak, men seier folk bør vere obs. Store snømengder kan føre til avkortingar av forsikringsutbetalingar, om hytta eller taket kollapsar.

Folk må følgje med og måke der det har kome veldig store mengder. Snakk med kommunen, lokalkjende, naboar og andre, som veit kor mykje hyttene i området skal tole, seier han.

Lite regn i sikte

Dei neste dagane er det meldt litt regn, og det er nettopp regnvêret som er den store skrekken for dei som no har store mengder snø på taka sine.

– Det vi er redde for er jo at det kjem regn, då kan snøen bli liggande som ein svamp å ta opp fukten, og då kan jo hytta kollapse, seier Løset.

Undervegs i arbeidet på hyttetaket fekk han servert både pølser og brød frå resten av familien, for jobben var ikkje gjort i ei handvending.

– Det var heilt frykteleg. Eg blei veldig overraska over at det var så mykje der, det var langt over hovudet mitt, seier Løset.

Snø på Lisjebøheida i Dalsbygda i Volda

Dei store snømengdene gjer at hyttene mange stader nesten går i eitt med terrenget.

Foto: Jørn Olav Løset

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL