Hopp til innhold

Auke i talet på hytteskadar: Slik stenger du hytta etter påske

Hytteskadar kosta meir enn ein milliard kroner i fjor. Her er tips til kva du bør gjere før du reiser frå hytta etter påska.

Hytte på fjellet i Vestre Slidre i Valdres. Fjellet Skogshorn i Hemsedal i bakgrunnen.

DYRT: Påskeferien er på hell, og mange reiser frå hytta si. I fjor kosta hytteskadar over ein milliard kroner.

Foto: Heiko Junge / NTB

I 2023 vart det meldt inn over 23 000 skadesaker på norske hytter til forsikringsselskapa.

Det er ei auke på 23 prosent frå året før, ifølgje tal frå Finans Noreg.

Mange av skadane kom frå ekstremvêret «Hans», men også andre typar skadar auka i fjor, ifølgje Lill Cecilie Bjørndal Klementsen, fagsjef i Frende Forsikring.

Skader etter ekstremværet Hans

Ekstremvêret «Hans» førte til mange skadar på hytter og fritidsbustader. Men i tillegg til vasskadar, auka også talet på andre typar skadar på fritidsbustader.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Talet på brannskadar, innbrot, glasskadar, ansvarsskadar, kaskoskadar og øydelagd mat i frysaren auka samanlikna med året før, seier ho.

Skadane kosta meir enn 1,3 milliardar kroner.

Dette er råda frå fagsjefen når mange no skal reise frå hyttene sine etter påske:

Steng stoppekrana

Om du har innlagt vatn på hytta, er noko av det viktigaste du gjer før du reiser å stenge hovudstoppekrana.

– Om du først får ei vasskade på hytta, kan det bli kjempedyrt om du ikkje oppdagar det før neste gong du er på hytta.

– Om hovudstoppekrana er stengd og røyra tømt, blir skadane mindre, seier Klementsen.

frostskader på hytta

Kvar vinter oppdagar hytteeigarar frostskadar som dette på hytta si.

Foto: Gunnar Arntsen

Ho anbefaler også å opne tappekrana om du skal vere borte frå hytta i meir enn 15 døgn om sommaren og 3 døgn om vinteren.

For å hindre frostskadar bør ein la det stå på litt varme i hytta. Hugs at det kan bli kaldt i fjellet, sjølv etter påske.

Hugs også å lukke alle vindauge!

Lås inn verktøy

Det vart meldt inn i overkant av 1000 hytteinnbrot til forsikringsselskapa i fjor.

Tjuvane rappa med seg ting frå hytter til ein verdi på over 45 millionar kroner.

For å unngå tjuveri på hytta, anbefaler Klementsen at du låser inn verktøy som kan brukast til å bryte seg inn, for eksempel hagereiskap.

Hytter på Beitostølen med fjellet Bitihorn bak

Det er nesten ein halv million hytter i Noreg. Tal frå Prognosesenteret viser at hytteeigarar bruker rundt 50–60 dagar på hytta i året.

Foto: Frode Meskau / NRK

Det kan også vere lurt å installere alarm som er knytt til eit alarmselskap.

Elles kan utelys som skrur seg på når nokon rører seg i nærleiken av hytta hindre tjuveri, ifølgje Frende forsikring.

Ikkje freist tjuvane

– Ikkje la PC, iPad, smykke, klokkar og andre dyre gjenstandar ligge synleg utanfrå, seier Klementsen.

Ho legg til at ein kanskje bør vurdere å ikkje ha slike dyre gjenstandar på hytta når ein ikkje er der.

Leilighetskomplekset Aasgarden på Beitostølen med Bitihorn i bakgrunnen

Få deg ein hyttevenn som kan sjå til hytta di mens du ikkje er der. Det kan vere ein hyttenabo, eller kanskje ein fastbuande på staden du har hytte.

Foto: Frode Meskau / NRK

Det er Sigmund Clementz i If einig i.

– Standarden på mange hytter og fritidsbustader er svært høg hos mange. Difor forsvinn ein del dyr heimeelektronikk frå hyttene.

Sigmund Clementz, IF

Sigmund Clementz er kommunikasjonssjef i If. Analysar If har gjort, viser at hytter som ligg i nærleiken av hovudvegar er mest utsette for tjuveri.

Foto: IF

Han meiner det kan vere lurt at hytteeigarar vurderer kva gjenstandar dei må ha på hytta permanent, og kva dei kan frakte med seg til og frå hytta.

– Her må alle sjølv ta ei avveging av kva som er smart og kva som er praktisk mogleg å gjere av slike tiltak, understrekar han.

For å ikkje freiste tjuvane, kan det også vere lurt å trekke for gardinene for å hindre innsyn på hytta.

Eventuelt kan ein la gardinene vere opne, ha ein kaffikopp på bordet, og la det sjå ut som om det er folk på hytta.

Ver ein god nabo

Tal frå Prognosesenteret viser at nordmenn bruker hytta si rundt 50–60 dagar i året.

Når du ikkje er på hytta, anbefaler Klementsen frå Frende forsikring å lage ein avtale med ein god hyttenabo om å halde auge med hyttene til kvarandre.

Ta også gjerne ein tur eller to på hytta utanfor sesongen for å sjå at alt står bra til.

Hytter på Beitostølen

I fjor kosta hytteskadar over ein milliard kroner.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ha kontroll over eigedelar

Om du er uheldig og opplever innbrot, vasskadar eller brann, er det lurt å vite kva du har liggande på hytta.

– Då kjem alt du har av bilde og videoar frå hytta til nytte. Det er lett å gløyme kva du eig. Ofte er det langt meir enn du trur, avsluttar ho.

Flere saker fra Innlandet