Hopp til innhold

Utvidar ferjetilbodet i sommar

Møre og Romsdal fylkeskommune har i år utvida sommarperioden der sambanda Sølsnes-Åfarnes og Eidsdal-Linge køyrer med to fartøy. – I år vil fylkesvegsambandet mellom Sølsnes-Åfarnes køyre med B-ferja frå og med måndag 13. juni til og med søndag 11. september. Fylkesvegsambandet mellom Eidsdal-Linge vil i år få inn B-ferja frå og med fredag 13. mai, seier Stig Helle-Tautra, seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.