Hopp til innhold

Utnytta utviklingshemma kunde seksuelt

Den psykisk utviklingshemma kvinna blei for sein til bussen, og søkte tilflukt på ein butikk. Der blei ho først utnytta seksuelt, og deretter skulda for å ha vore pådrivaren.

Fengsel i halvanna år
Foto: Synnøve Hole

Den 27 år gamle, psykisk utviklingshemma kvinna blei truleg for sein til bussen, etter å ha vore på bytur med støttekontakten sin i Ålesund i fjor sommar. Dermed søkte ho tilflukt på ein butikk like ved. Der møtte ho sin overmann.

Mette Nyland Ekroll

Bistandsadvokat Mette Nyland Ekroll meiner mannen som er dømd for å ha utnytta ei psykisk utviklingshemma kvinna har fått for låg fengselsstraff.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Eg er forundra over at straffenivået er så lågt, samanlikna med det som gjeld for valdtekt. Fråvær av samtykke er heilt openbart, seier bistandsadvokat Mette Ekroll Nyland. Ifølgje henne ville mannen fått fire års fengsel dersom han hadde valdtatt kvinna.

– Eit og eit halvt år er ei lav fengselsstraff for å ha samleie med ein person som ikkje har gitt eit gyldig samtykke. Det er eit alvorleg overgrep. Dersom ein samanliknar med sovevaldtekt, så er det fire år. Eg kan ikkje sjå kvifor ikkje det er målt ut liknande straff i dette tilfelle, seier Ekroll Nyland.

Samleie på toalett

Ifølgje dommen frå Sunnmøre tingrett fekk mannen bak disken henne med seg bak disken og inn på eit toalett der han forgreip seg på henne og hadde samleie med den psykisk utviklingshemma kvinna. Ifølgje dommen hadde ho inga seksuell erfaring frå før, og har blitt meir aggressiv og redd for menn etter overgrepet.

– Meiner dommen er streng

Anders Svinø

Anders Svinø som er forsvarar for mannen meiner straffa er streng.

Foto: Tor Sivertstøl / NRK

Men forsvararen til den 32 år gamle mannen, Anders Svinø, meiner dommen er streng.

– Eg vurderer dette som strengt. Det er ikkje tvang inne i bildet, og det er heller ikkje bevis for at ho har fått mein, seier Svinø. Han viser også til at mannen har forklart at han ikkje forstod at ho var tilbakeståande, og at det også var ho som tok initiativet til samleiet.

– Oppfattar du mannen som truverdig?

– Det vil eg ikkje kommentere. Men eg ser jo at retten ikkje meiner det, seier Svinø. Mannen har førebels ikkje bestemt seg for om han skal anke dommen.

– Ho var den aktive parten

I retten forklarte mannen at han oppfatta kvinna som normal og velstelt, og det kom også fram at han meinte ho var den initiativtakande, aktive parten. Han forklarte at dei begge to var interesserte i å ha sex, og at dei var samde om dette.

Dette festar retten ikkje lit til. I dommen heiter det at det er openbart for eit kvart normalt menneske at ho ikkje er mentalt frisk. Retten meiner mannen har utnytta kvinna kynisk, trass i at ho har krav på eit særleg vern.

– Glad for å bli trudd

Kvinna sin forsvarar, Mette Ekroll Nyland, seier ho er usikker på om saka bør opp igjen til doms. Omsynet til kvinna og familien hennar veg tyngst. Men Ekroll Nyland seier den 27 år gamle kvinna er glad for å ha blitt trudd.

– Det aller, aller viktigaste for fornærma i denne saka, som i dei fleste andre saker, er å bli trudd, og at det blir plassert ansvar for den hendinga som har skjedd. Men eg meiner at aktørane i rettsvesenet har eit ansvar for å utmåle ei straff som er gjenkjennbar i forhold til samanliknbare hendingar, seier Mette Ekroll Nyland.

Skildra som eit barn

I retten blei ho skildra som eit barn, med store språkvanskar og med lite sosial kontakt med andre. Ifølgje dommen vil folk umiddelbart avsløre at ho ikkje fungerer normalt. Ein tidlegare lærar og støttekontant sa mellom anna i retten at ho har eit kroppsspråk som gjer at folk umiddelbart forstår at noko er gale.

Fengsel i halvanna år

Den 32 år gamle ålesundsmannen er no dømd til fengsel i eitt år og seks månader for å ha utnytta den psykisk utviklingshemma kvinna. I tillegg til fengselsstraffa må han betale oppreising på 85 000 kroner. Mannen er også dømd for å ha slått den tidlegare kona si.