Utforkøyring i Skodje

Ein bil har køyrt av vegen på fylkesveg 661 ved Digernes i Skodje. Ifølgje politiet er ingen skadde, og bilen står ikkje til hinder for andre trafikantar. Det skal vere svært glatt på staden.