Hopp til innhold

Ut mot eigne supporterar etter Molde-hets: – Trist, flaut og skammeleg

Molde blir møtt med banner med nedsetjande kommentarar Noreg rundt. No har også supporterar og trenarar til motstandarlaga fått nok.

Banner

BANNER: Dette banneret tok ei gruppering Odd-supporterar med seg inn på Skagerak arena søndag. Når det blir skrive «treningsleir i slavestat» på banneret siktar supporterane truleg til at Molde i 2016 og 2017 var på treningsleir i Dubai i Dei sameinte arabiske emirata.

Foto: Magnus Straume

– Dette er skammeleg, direkte flaut og kvalmande. Å henge ut eit motstandarlag og ein spelar på denne måten gjer at eg reagerer sterkt.

Det er beskjeden frå Magnus Straume. Han er Odd-supporter og var til stades under 1-1-kampen heime mot Molde søndag kveld.

Straume er ein av fleire som reagerer negativt på bannera som andre Odd-supporterar hadde tatt med seg inn på stadion:

Treningsleir i en slavestat, rike onkler og en voldtekstmann. Molde en skam for norsk fotball.

Supporterane som har laga banneret siktar til at ein av Molde sine spelarar er tiltala for ei valdtekt.

I august vart han frikjent i Romsdal tingrett, men måtte betale 150.000 kroner i bot til ei kvinne. Saka er anka av påtalemakta.

Fagermo

LEI: Odd-trenar Dag-Eilev Fagermo meiner Odd-supporterane bør konsentrere seg om å støtte sitt eige lag.

Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpix

Men det er ikkje berre supporterar som reagerer på hetsen mot motstandarlaget.

– Dette er trist og heilt feil. Banner er viktig det. Men eg meiner vi skal hylle eigne lag og eigne spelarar, seier Odd-trenar Dag-Eilev Fagermo.

Står for bodskapen

«Dette burde Oddrane følt seg for gode til» og «Uverdig – bør få konsekvensar for de som leder Oddrane» er to av beskjedane i kommentarfeltet til Magnus Straume.

Vetle Bergene Johansen

SUPPORTERLEIAR: Vetle Bergene Johansen.

Foto: Martin Bergene Johansen

NRK har vore i kontakt med leiar i Oddrane, Vetle Bergene Johansen. Han seier at det ikkje er Oddrane som står bak bannera, men ei sidegruppering som kallar seg Industri Grenland.

Men ifølgje Johansen brukar ikkje Industri Grenland – som han også er tilknytt – å kommentere saker i media.

– Industri Grenland står uansett for bodskapen, seier Johansen til NRK, noko som også blir bekrefta på grupperinga si facebookside.

Dette er ikkje første gong Molde får sjå banner frå motstandarsupporterane med meldingar om den valdtektstiltala spelaren.

Og Øystein Neerland, administrerande direktør i Molde FK, innrømmer at han er lei.

– No er det gått sport i å overgå kvarandre i ein del supportermiljø. Vi må slutte med dette tullet her, sukkar Neerland.

Øystein Neerland

HAR FÅTT NOK: Øystein Neerland i Molde FK meiner det skal vere god stemning på kampane i eliteserien. No er det gått sport i å overgå kvarandre når det kjem til skitkasting blant supporterane, seier Neerland. No håper han supporterklubbane og supporteralliansen kan ta tak.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Inga rettskraftig avgjerd

Yngve Haavik

YTRINGSFRIDOM: Yngve Haavik presiserer at vi har ytringsfridom i Noreg. Det skal mykje til å få ein reaksjon, noko administrasjonen i så tilfelle ikkje skal bestemme – men eit eksternt utval. Haavik seier likevel at publikum bør merke seg at det ikkje finst ei rettskraftig avgjersle mot den valdtektstiltala Molde-spelaren.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Kommunikasjonssjef i fotballforbundet, Yngve Haavik, presiserer at vi har ytringsfridom i Noreg, og at praksisen viser at terskelen er høg for å bli pålagt ein reaksjon.

– Vi vil likevel oppfordre alle til å kommunisere det som måtte vere av usemjer på ein respektfull måte. Når det gjeld den omtala Molde-spelaren, så ligg det ikkje føre ei rettskraftig avgjersle. Det bør absolutt alle merke seg. Reint konkret vil vi no i første omgang be om ei forklaring frå klubben, seier Haavik til NRK.

Dagleg leiar i Odd, Einar Håndlykken, seier at klubben lukta lunta før Molde-kampen. Derfor snakka dei med supporterane på førehand for å unngå at det skulle kome eit slikt banner. Likevel skjedde det.

– Og det beklagar vi veldig. Dette gjekk for langt, seier Håndlykken.

Einar Håndlykken

BEKLAGAR: Dagleg leiar i Odd, Einar Håndlykken, beklagar at bannera kom inn på stadion. Han har også beklaga til Molde FK. Odd som klubb har ingenting med bannera å gjere, men har ansvaret for totalen rundt arrangementa, seier Håndlykken.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK