Usikkert om batteriferje

Frå nyttår set Norled verdas første batteriferje i drift over Sognefjorden. Men medan Møre og Romsdal var i fremste rekke med gassferjer, er det heilt i det blå når fylket får den første batteridrivne ferja.

Verdas første batteriferje

Slik skal verdas første batteridrivne ferje sjå ut når den kjem i drift ved nyttår.

Foto: Illustrasjon: Fjellstrand
Inge Utåker, Norled

Inge Utåker er regiondirektør i ferjeselskapet Norled.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det er knytt stor spenning til ferja som skal gå mellom Lavik og Oppedal i Sogn og Fjordane. Batteriferjer har vore omtalt som miljøvennlege løysingar i fleire år, men for første gong skal altså ei slik ferje setjast inn i kommersiell drift. Regiondirektør Inge Utåker i ferjeselskapet Norled er spent.

– Dette gir oss eit unikt høve til å ta ferjedrifta eit skritt fram og i rett retning, seier han.

Og det er mange som følgjer med for å sjå korleis ferja fungerer når den kjem i drift.

– Det blir spennande, testkøyringa ser bra ut og det ser ut for at ferja blir billig i drift og at den passar til ruta, seier Utaker. – Ferja har potensial for store innsparingar på drift, men om det blir lønnsamt på sikt det står att å sjå.

Krev tilpassa ferjekai

For det er ikkje heilt utan utfordringar å få ei batteriferje på plass. Ferja krev ein eigen ladestasjon på land og treng ni minutt landligge for å lade batteriet. Dette er difor ikkje ei løysing som passar over alt, seier Utaker.

– I tillegg til tilpassingar på ferjekaia har den mindre motorkraft enn andre ferjer, så den passar ikkje på vêrutsette strekningar eller i samband der det er krav til høg fart. Så til dømes på Hareid -Sulesund ville kravet til fart vore for høgt og liggetida ved kai for kort.

Uklar framdrift i Møre og Romsdal

Dag Hole

Dag Hole er seksjonssjef ved samferdselsavdelinga i fylkeskommunen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Sogn og Fjordane er altså først ut. I Møre og Romsdal har det vore snakka om batteriferjer i mange år, men til no har det ikkje blitt til konkrete prosjekt. Først i 2018 kjem det ei rekkje nye ferjeanbod, men seksjonssjef Dag Hole i samferdselsavdelinga i fylkeskommunen tvilar på at dei då vil stille krav om batteriferjer, sjølv om målet er reduserte klimautslepp.

– Vi går glipp av ein del støtteordningar om vi stiller heilt bastante krav til teknologi, så det trur eg ikkje vi vil gjere. Men vi vil prøve finne moglegheiter både for tradisjonell ferjedrift og meir innovative løysingar, seier han.

Han skulle gjerne hatt batteriferjer på plass for lenge sidan, og viser til at dette har vore snakka om i fleire år, både av politikarar og i administrasjonen.

– Det har vore teknologiske krevjande å finne løysingar det har vore mogleg for oss å tilrå. Og pengane har også vore eit problem, seier Hole

Først i verda

Edmund Tolo

Edmund Tolo er utviklingssjef hos verftet Fjellstrand.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Og når ferja første gong tar turen over Sognefjorden 1. januar, er det ei hending som blir lagt merke til ut over landegrensene. Utviklingssjef Edmund Tolo hos Fjellstrand verft, som har bygd ferja, seier den norske utviklinga blir lagt merke til.

– Vi er verdsleiande på dette feltet i Noreg, seier Tolo. – Vi har alt ei kabelferje som går på batteri, så når vi no får ei heilelektrisk ferje på batteri, så er det ingen som har gjort det før. Energien er heilt rein, den er Co2-nøytral, klimavennleg og miljøvennleg.

Framleis er det altså heilt i det blå når den første batteriferja kan kome til Møre og Romsdal, men Hole seier dei vil følgje nøye med på det som skjer ved Sognefjorden.

– Vi er glade for at Statens vegvesen no har sørga for at det kjem ei slik ferje i kommersiell drift. Det betyr at teknologien blir meir tilgjengeleg og vi får eit klarar bilete av dei faktiske kostnadene ved dette, seier Hole.


Siste video/lyd

Han likar å halde på heime i garasjen. Tidlegare har han bygd ein kopi av Pelle Politibil, og i februar i år sette han i gang eit nytt prosjekt som han no er i ferd med å avslutte.
Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.