NRK Meny

Uroa over akuttberedskap

Pasient- og brukarombodet i Møre og Romsdal er uroa over korleis AMK/medisinsk akuttberedskap fungerer i området. Under styremøtet i Helse Møre og Romsdal tysdag viste pasientombod Runar Finvåg til fleire saker der det har vore mangelfull koordinering og kommunikasjon. Finvåg trekte fram Karihola-saka i 2010, Paragliderulukka i Sunndal i 2013 og Sebastiansaka i 2015. Tilsyn har synt svikt over tid og dette gjev grunnlag for uro, sa Finvåg.

Runar Finvåg
Foto: Terje Reite / NRK