- Oppdrettslaksen kom tidleg til elvane i år

Forskarane er uroa over det store innsiget av rømd oppdrettslaks i elvane. Problemet er ekstra stort i år, fordi oppdrettslaksen kom svært tidleg til elvane.

Rømt oppdrettslaks

Dette er rømt oppdrettslaks. Det er mykje slikt i elvane for tida.

Foto: Vemund Gjertsen

Det er Norsk Institutt for Naturforsking som no kjem med ei uromelding. Oppdrettslaks brukar å kome seinare opp til elvane enn vill-laksen. Slik har det ikkje vore i år.

– Det er uvanleg at det kjem så mykje rømt oppdrettslaks så tidleg i sesongen. Oppdrettslaksen er heimlaus, og ventar ofte med å gå opp i elvane, seier forskingssjef Kjetil Hindar.

Det er i august oppdrettslaksen brukar å gjere sitt inntog i lakseelvane. Men i år er det fiska mykje oppdrettslaks heilt frå byrjinga av sesongen.

– Dersom vi no får eit stort innsig av oppdrettslaks til evar som vi trur er godt beskytta, er det urovekkjande, seier Hindar.

Ein god del av vassdraga har hatt mykje oppdrettslaks i lang tid. NINA er i ferd med å forske på situasjonen, og om kort tid kjem forskingsinstitusjonen til å presentere ein rapport om det som har skjedd.

– Vi ser at avkoma til oppdrettslaksen får ei anna livshistorie enn det villaksen har. Og den genetiske strukturen til villaksen ser ut til å bli endra som følgje av at oppdrettslaks gyt i elvane, seier Hindar.

– På lang sikt kan vi få ei utvasking eller ein reduksjon i dei enetisk baserte tilpassingane i kvart einskilt vassdrag, seier Hindar.

Siste video/lyd

For to veker sidan fekk 42-år gamle Kathrin Kobbevik vite at ho har uhelbredeleg lungekreft. No kjempar trebarnsmora for at lungekreftpasientar skal få ta ibruk ei ny type behandling. Men behandlinga er svært kostbar, og mandag avgjer styresmakene om sjukehusa skal tilby den nye medisinen.
Tornekrattet toppar laget til kampen mot Rosenborg i morgon. Forsvarskjempene Vegard Forren og Joona Toivio er skada og heiar laget fram frå tribunen.
Et nytt hurtigkurs i norsk språk og kultur testes ut på syriske flyktninger. På 33 dager skal de få innblikk i alt fra påske til russefest og slik lære å forstå nordmenn.