NRK Meny

Uro ved utestader i Ålesund

Rundt midnatt fekk ei kvinne pålegg om å forlate Ålesund sentrum etter bråk ved ein utestad. Litt seinare blei ein mann køyrt til arresten etter bråk ved ein utestad. Han hadde då vore aggressiv og gjort skadeverk på ein politibil. Mannen blir meldt for oppførselen og handlingane sine. Ein annan mann blei og innbrakt til arresten etter aggressiv adferd ved ein utestad og brot på pålegg gitt av politiet. Nok ein mann er meldt for ordensuro og brot på pålegg frå politiet.