Uro og slåsskampar

I 23-tida laurdag kveld blei ein vanskeleg gjest vist vekk frå ein utestad i Molde sentrum. Ein halvtime seinare var han tilbake og då skal han ha angripe vaktene på staden. Mannen blei sett i arrest og blir meldt. I Skodje var det slåsskamp ved eit utestad ein drøy halvtime etter midnatt, og her blei tre menn i 30-åra sette i fyllearresten. Dei blir melde for ordensuro.