Hopp til innhold

Ungjenter i kø for å skaffe seg kamera som foreldra kasta frå seg

Dei kan ha tusenvis av digitale bilde, og fotograferer til dagleg mest med mobilen. Men mange tenåringsjenter står no i kø for å skaffe seg polaroidkamera.

Frid-Elin Sandmo Johansen tek bilde

Frid-Elin Sandmo Johansen (16) syns det er ei fryd å vente på at bildet skal bli klart når ho fotograferer med polaroidkameraet.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Dagens ungjenter manglar ikkje bilde av seg sjølv og venene sine. Mange er lynraske med å fotografere og publisere på nett og via mobilar. Men no er det dei summande, sakte-gåande polaroidkamera mange vil ha.

Eg syns det er veldig gøy å ha bildet fysisk i handa, i staden for dei ditigale bileta. Det er koselegare å sjå på, seier Frid-Elin Sandmo Johansen (16) frå Ellingsøya utanfor Ålesund.

Hylande ungjenter i butikken

Marit Brunstad på Sponland

Marit Brunstad på fotobutikken Sponland i Ålesund seier dei har selt over 100 slike i vinter, og at det er uvanleg mykje.

Foto: Synnøve Hole

Fotobutikken Sponland i Ålesund er ein av dei som har merka etterspurnaden. Over heile landet har butikkar vore utselde for polaroidkamera, eller Instax-kamera, ein annan variant.

For første gong har vi hatt jenter på 14-15 år som kjem hylskrikande inn i butikken og ropar "hurra, de har det vi vil ha!" seier dagleg leiar Marit Brunstad.

I vinter har dei ifølgje henne selt rundt 100 kamera.

Det er veldig sjeldan for eitt merke. Og vi kunne selt endå meir, men det er skrapa tomt i heile Europa, seier ho.

Snart 70 år gamalt

21. februar 1947 demonstrerte Edwin Land verdas første polaroidkamera. Også her i landet blei kamera populære, men forsvann nesten på 90-talet, då dei digitale kamera tok over. Dei blei lenge haldne for å vere treige, dyre i drift og gje dårleg kvalitet. Men no har dette snudd.

Les også:

– Aldri tatt i eit bilde før

Vegg med polaroidbilde

Helene Jensås frå Ålesund har montert bileta sine på veggen på rommet sitt.

Foto: Helene Jensås

Det går rett nok nokre minutt frå bildet er tatt, og fotoet brummande blir spytta ut, til motivet er klart. Men Brunstad trur nettopp dette er noko av sjarmen for dei unge jentene.

Dersom du er 14 år har du kanskje aldri halde eit bilete av deg sjølv i handa, det trur eg er greia, seier ho.

Høgt på ønskjelista

16-åringen Frid-Elin Sandmo Johansen fekk det gule kameraet sitt i julegåve frå mora, og det sto høgt på ønskjelista.

– Eg har alltid ønskt meg eit slikt. Vi har bilde på mobil, data og overalt, det blir så kjedeleg. Det er mykje gøyare å lage eit album eller henge bileta rett på veggen, der du kan sjå på dei, seier ho.

Frid-Elin Sandmo Johansen fotograferer klassa si

Frid-Elin Sandmo Johansen fotograferer klassa si på Ålesund videregående skole.

Foto: Synnøve Hole