NRK Meny

Underskot for Moldejazz

Jazzfestivalen i Molde gjekk i fjor med eit underskot på nær 1,8 millionar kroner, viser den førebelse rekneskapen. I eit brev til Kulturdepartementet skriv jazzfestivalen at eigenkapitalen er brukt opp. Svikt i billettsalet på nær ein million kroner, kombinert med overskridingar i artisthonorar er årsaka til det store underskotet for Molde Internasjonale Jazzfestival.