Hopp til innhold

Underlege naturfenomen

I formiddagssendinga på radio skal det handle om underlege naturfenomen. NRK vil høyre dine forteljingar.

Prinsessesteinen

Denne vakre sløyfa eller slangen, finn vi på ein hammar høgt til fjells i Riksheimdalen i Sykkylven. Martin Ystenes har dokumentert det kan kallar « Prinsessesteinen» og seier den rosa sløyfa er laga av migmatitt, ein bergart som blei danna av høgt trykk og temperatur djupt nede i jordskorpa.

Foto: Martin Ystenes

Prinsessesteinen, Trollkyrkja og Bjørnetanna. Gåtefulle steingjerder, labyrintar og bogestille. Jettergryter, hellarar og dryppsteinsgrotter.

Både natur- og menneskeskapte fenomen

Naturen i Møre og Romsdal er full av vakre, underlege og spennande fenomen.
Mesteparten er skapt av naturen sjølv, men i fjellheimen kryr det av gåtefulle, mystiske menneskeskapte fenomen.

Kven laga ein steinsett labyrint ved Grøthornet på Vartdal? Korleis kan det ha seg at det på fjellet Blåskjeringen mellom Sunnmøre og Romsdal står mange oppreiste bautasteinar med runde hol i?

Her er mangt å sjå, mangt å undrast over.

NRK Møre og Romsdal lagar fotogalleri med underlege fenomen i naturen. Send oss dine foto, di forteljing om det du veit om: mr@nrk.no.