Ulsteinvik er i innspurten før Sommarbåten kjem kl.14. Båten legg til ved sjølvaste Kommunekaia midt i Ulsteinvik sentrum, så her blir det nærkontakt mellom publikum og NRK-båten.
– Vi håpar på stort folkeliv på kaia når båten kjem, og oppmodar alle til å møte fram både no på dagtid og seinare i kveld når sendinga tek til, seier kulturkonsulent Annika Brandal i Ulstein kommune.
Hindholmen blir med
Brandal er ei av mange som ventar spent på at heile Noreg skal vende augene sine mot bygdebyen på Søre Sunnmøre.
Ho veit at mange fritidsbåtar ligg klare for å gå ut mot Flø og møte Sommarbåten.
– Det same skal MS «Hindholmen», slår ho fast.
Hindhomen ein tidlegare fiskebåt bygd ved Christianssands Mek. Værksted i 1916. Hindholmen er det største fiskefartøyet som har vorte teke vare på og restaurert i Noreg.
Det blir eit flott syn når den gamle, ærverdige fiskebåten møter Sommarbåten ved Flø.
70 kilo mør med litt attåt
Og ulsteinvikarane veit korleis dei skal lokke sambygdingane til samling på kaia alt i ettermiddag.
– Vi byr på gratis Brudevoldmør, pølser is og brus til dei som møter fram klokka 14. 70 kilo mør skulle vel halde ei stund,smiler Annika Brandal.
Kulturelt påfyll skal det også bli utover ettermiddagen i Ulsteinvik.
– Det blir ulike kulturinnslag frå scenen med korsang, drilljenter, Atle Remøy, turn og dans, lovar kulturkonsulenten.
Så spørst det då om Ulsteinvik og sunnmøringane matcher folkelivet romsdalingane klarte å skape under sendinga får Molde i går kveld.
– Får vi frieri i Ulsteinvik også?
– Vent og sjå, ler kulturkonsulenten og gjer seg klar til ettermiddagens storhending i Ulsteinvik.
Les om frieriet på kaia i Molde.