Hopp til innhold

Ulstein Verft til sak mot staten

Ulstein verft går til sak mot staten for å stoppe pålegget om at innleigde utanlandske arbeidarar skal ha norsk tariffløn.

Ulstein Verft

Ulstein Verft er etter det magasinett.org kjenner til eitt av verfta som no går til sak mot staten for å hindre almenngjeringsreglane.

Den statlege tariffnemnda bestemte i november i fjor å allmenngjere delar av tariffavtalen i verftsindustrien.

NHO og Norsk Industri meiner vedtaket er i strid med EØS-avtalen sine reglar om fri flyt av arbeidstakarar.

Verfta blir saksøkar

Til nettsida Magasinett.org seier Tore Sellæg i Norsk Industri at dette går mot rettsak, og at det er fem-seks verft som står bak.

Fordi det ikkje er klart om det sjette verftet blir med på søksmålet, vil ikkje Norsk Industri ut med namna på verfta. Når saka blir fremja blir det verfta sjølve som står som saksøkjarar, med NHO og Norsk Industri som såkalla partshjelparar.

Ville endre reglane

I november skreiv same nettavis om at fleire verft på Vestlandet ville endre reglane for allmenngjering, slik at det berre skulle gjelde kontrakter som vart inngått etter reglane vart innført.

Brevet til Tariffnemnda var underskrive av styreleiar i Maritim Foreining for Søre Sunnmøre, Kjersti Kleven. I tillegg hadde også direktørane i STX Norway Offshore, Ulstein Verft AS, Havyard Group AS, Kleven Maritime AS og Fiskerstrand Verft AS skrive under, i følge magasinett.org.

No seier altså Tore Sellæg i Norsk Industri at søksmålet truleg blir sendt til Oslo Tingrett i løpet av kort tid.