NRK Meny
Glen Børge Løset Flø
Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Mobbesak i Ulstein

Oppsummert

Glen Børge Løset Flø gjekk til sak mot Ulstein kommune og hevda at kommunen gjorde for lite for å stoppe mobbinga mot han i barne- og ungdomsskulen. Flø vann fram i tingretten og i lagmannsretten og er tilkjent erstatning.

  • – Greit å halde saka hemmeleg

    Ordførar i Ulstein, Knut Erik Engh, forsvarar at administrasjonen i kommunen vil halde innstillinga om eventuell anke av mobbesaka hemmeleg. Både i tingretten og i lagmannsretten tapte kommunen saka der Glen Børge Løset Flø hevda at kommunen gjorde for lite for å stoppe mobbinga av han på barne- og ungdomsskulen. – No skal formannskapet få ta stilling til ei eventuell anke på fritt grunnlag. Det er best for alle med mest mogleg ro om saka. Men vedtaket blir offentleg, seier Engh til NRK. Både VikebladetVestposten, Sunnmørsposten og NRK Møre og Romsdal har klaga hemmeleghaldet inn for Fylkesmannen.

    Knut Erik Engh
    Foto: Arne Flatin / NRK
  • Hemmeleg tilråding om mobbeanke

    Administrasjonen i Ulstein kommune held tilrådinga i ankespørsmålet i mobbesaka hemmeleg, skriv vikebladet.no. Førstkomande tysdag avgjer formannskapet om domen frå lagmannsretten skal ankast. For ei veke sidan kom domen frå lagmannsretten, som tilkjende Glen Børge Løset Flø erstatning frå Ulstein kommune for mobbing på skulen. Både Vikebladet Vestposten og NRK Møre og Romsdal har klaga avgjerda om hemmeleghald inn for fylkesmannen.

    Glen Børge Løset Flø
    Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK
  • Avslo forlik i mobbesaka

    Partane i mobbesaka utsette rettsforhandlinga i 10 minutt for å diskuterte eit minneleg forlik, men det vart avslått, skriv Sunnmørsposten. Ulstein kommune vart i november 2016 dømt til å betale nærare to millionar kroner til Glen Børge Løset Flø. Ulstein anka saka og den starta i dag.