Pressens faglige utvalg har uttalt at bruk av eit bilete i denne artikkelen var i strid med god presseskikk. Du finn lenke til uttalen frå PFU på denne sida. Biletet er fjerna frå artikkelen.
Fast i 14 timar
I desember for to år sidan blei ein pasient bunden fast til senga med reimar i 14 timar ved Åse sjukeheim i Ålesund. Det er andre gong på kort tid at Åse sjukeheim får refs frå Helsetilsynet. Den same sjukeheimen har også fått kritikk då ein mann fekk for lite drikke og døydde.
- Dette er svært alvorleg og svært beklagelege hendingar, seier kommunalsjef i Ålesund,Sigmund Bjerkvik,til NRK Møre og Romsdal.
Ikkje samtykke
Helsetilsynet viser til at sjukeheimen ikkje har lov til å bruke tvangstiltak og at sjukeheimen i denne saka har fleire avvik frå eigne retningslinjer. Verken pasienten eller dei pårørande godkjende bruk av sengebeltet, som heller ikkje vart fjerna med det samme det var høve til det, men først etter 14 timar.
Feil lovforståing
Helsetilsynet meiner at Åse sjukeheim sine retninglinjer også byggjer på feil lovforståing, og at bruk av tvang ikkje kan kamuflerast som tiltak for å verne pasientar, eller for å spare på pleiressursar.
Mann fekk lite drikke og døydde
Det er andre gong på kort tid at Åse sjukeheim får refs frå helsetilsynet. Sist gjekk kritikken på manglande oppfølging av veskebalansen til ein pasient som seinare døydde. Kommunalsjef i Ålesund kommune, Sigbjørn Bjerkvik ser på hendingane som svært alvorleg.
- Det er klart, vi har eit system som skal følgje opp slike saker, men det er ikkje tilstrekkeleg i bruk, det har dei to episodane vist, seier Bjerkvik.