Hopp til innhold

Ulmebrann i Sula

Brannvesenet, politi og helsevesenet har rykt ut til ein ulmebrann ved Sulebust i Sula laurdag formiddag. Dei som bur i huset skal vere ute.

Politiet og brannvesenet melder laurdag formiddag at feil i det elektriske anlegget truleg var årsaka til røykutviklinga i Sula.

Ifølgje 110-sentralen er dei to som bur i huset ute, og det er ein del røyk i kjellaren.

Det var ho som bur i huset som melde om brannen, opplyser 110-sentralen.

Brannvesenet har førebels ikkje hatt røykdykkarar inne i huset, og ventar no på at den største brannbilen skal kome fram til staden.