Politiet fekk melding om ulykka ved 21-tida. Like før klokka 22.30 stadfesta politiet at dei hadde funne ein omkomen person i fjellveggen.
Det var ein kamerat til kvinna som melde frå til politiet om ulykka då han så at fallskjermen ikkje opna seg skikkeleg, men trefte fjellveggen. Ulykka skjedde så seint at leitemannskapa kjempa i kapp med mørkeret.
Blir henta ut måndag
Det var redningsmannen i redningshelikopteret som kom fram til kvinna i fjellveggen og fekk stadfesta at ho var død.
Politiet opplyser at det ikkje er mogeleg å hente ned den omkomne kvinna søndag kveld. Dette vil tidlegast skje måndag morgon.
– Det er vanskelege forhold i området, og vi er avhengige av hjelp frå redningshelikopter, og det må skje i dagslys. Vi vil ikkje risikere skade på mannskapet. Dette blir gjort når det er trygt, seier operasjonsleiar Sindre Molnes til NRK.
Forsvann i fjellveggen
Kameraten til den tyske basehopparen såg ulykka. Han skal ha sett at fallskjermen folda seg ut, men at han forsvann inn i fjellveggen ved Eikesdalen i Molde. Det seier operasjonsleiar Tor Andre Gram Franck ved Møre og Romsdal politidistrikt
Dei to skal ha hoppa frå populære Katthammaren, men sistemann kom altså ikkje ned.
Stor leiteinnsats
Leitinga gjekk føre seg med politi og frivillige, samt redningshelikopter og luftambulanse frå Ålesund. I tillegg vart Alpin redningsgruppa kalla ut. Politiet har leia innsatsen saman med brannvesenet, og vegen gjennom Eikesdalen har vore stengt.
Like etter klokka 22.30 melde politiet at personen var funnen omkomen.
Ved 1-tida i natt bekrefta politiet at dei pårørande til kvinna var varsla om ulykka og dødsfallet.
Det har tidlegare vore fleire dødsulykker i samband med basehopping frå Katthammaren.