Hopp til innhold

Undersøker basehopparulykke

Den 28 år gamle kvinna frå Sverige som miste livet etter ei basehoppulykke i Eikesdal i Nesset laurdag omkom i sitt aller første basehopp fra fjell. Dette er den andre dødsulykka frå Katthammaren. Politimeister Ingar Bøen seier det er for tidleg å seie kva som var årsaka til ulykka. – Det er i alle fall ingenting som tydar på at det har skjedd noko straffbart og vi undersøker dette som ei ulykke, seier Bøen.

Ingar Bøen
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK