Hopp til innhold

Turistmagnet utan politi

Geiranger er eit av dei store reisemåla for turistar i Noreg. I år blir bygda utan politi.

Video nsps_upload_2009_5_20_8_17_18_1145.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Politivakta i Geiranger blir lagt ned, og leigeavtalen for politi-lokala er sagt opp.

By om sommaren

Vanlegvis er Geiranger ei lita norsk fjordbygd. Men om sommaren blir situasjonen snudd på hovudet. I periodar er det like mykje folk i Geiranger som i ein middels stor by. - Eg vil ikkje kome med nokon ramsalt kritikk mot politiet. Men det er eit faktum at Geiranger om sommaren veks til ein liten norsk by. Då er det uheldig at det ikkje er politi her. For det er lange avstandar, dersom vi treng dei, seier Ronny Brunvoll, reiselivssjef for Destinasjon Geiranger-Trollstigen til Sunnmørsposten .

Manglar pengar

Det er lensmannskontoret i Stranda på Sunnmøre som har ansvaret for politiberedskapen i området. Til avisa Sunnmørsposten seier lensmann Evelyn Liseth at lensmannskontoret ikkje har pengar til å oppretthalde denne beredskapen. – Dette handlar om ressursar. Ikkje har vi nok pengar, og ikkje har vi nok folk, seier ho.

Tror på turiststrøm også i 2009

Rekord i Geiranger

Manglar folk

I tillegg til pengemangel, lid det lokale lensmannskontoret også under mangel på folk. Ved Stranda lensmannskontor er det no tre ledige stillingar. I tillegg er lensmannen sjukmeld. Det betyr at kommunen berre har EIN lensmannsbetjent på plass.

Lensmannen forklarar at situasjonen skal bli betre. Ho fortel at det om kort tid kjem sommarvikarar på plass. Sjølv er ho eigentleg lensmann i Sykkylven, men har også teke på seg ansvaret for Stranda i den vanskelege situasjonen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL