Rekord i Geiranger

Turistbygda Geiranger opplevde at mange kom for å springe, sykle eller gå.

Geiranger Halvmaraton

Jon Tvedt (150) vann Geiranger Halvmaraton. Her saman med Lars Vells (155) og Hans Martin Gjedrem (41).

Heile 766 deltakarar var med i Geiranger Halvmaraton, Nibberittet, Miniton og Geirangermarsjen søndag. Dette er langt fleire enn tidlegare. Den gamle deltakarrekorden frå 2007 var på 588.

Jon Tvedt vann herreklassen i den knallharde Geiranger Halvmaraton. Anita Håkenstad Evertsen vann kvinneklassen.

Geiranger Halvmaraton:

Løyperekorden til Hans Martin Gjerdrem, Valldal IL, på 1.30.10 frå 2003 vart ståande, Jon Tvedt, Gular IL, var berre ti sekund bak rekorden.

Dei 5 raskaste menn:

1. Jon Tvedt, Gular IL, 1:30:20
2. Mikael Olsen, Namdal Løpeklubb, 1:32:07 3. Hans Martin Gjedrem, Valldal IL, 1:33:12 4. Tormod Tjørnhom, Kif-Friidrett 1:37:21 5. Lars Vels, Viborg Af, 1:41:23

Dei raskaste kvinnene:

1. Anita Håkenstad Evertsen, Øystre Slidre Il, 1:43:25 2. Merete Helgheim, Gloppen Fil, 1:53:00 3. Helene Pemmer, Il Fri, 1:55:28

Nibberittet

Erik Langseth mot mål i Nibberittet.

Nibberittet:

Her vart det ny løyperekord, der Alf Roger Holme forbetra rekorden sin til 1.03.39.

Dei raskaste mennene:

1. Alf Roger Holme, Eidsvoll SK, 1:03:39 2. Vegard Breen, Eidsvoll SK, 1:06:01 3. Jan Ove Standal, Åoc, 1:06:42 4. Lars Ragnar Manengen, Lillehammer Ck, 1:07:03

Dei raskaste kvinnene:

1. Hanne Trønnes, Ottadalen Sk/team Diamant, 1:20:36
2. Hilde Larsen, Tvk, 1:23:14
3. Line Monsås, Ntnui 1:23:34
4. Laila Mari Hofseth Wik, 1:27:55
5. Frid Harstad, Molde Ck, 1:30:28