I eit brev til fylkeskommunane i Møre og Romsdal og Oppland blir det peikt på at turistbygda kan kome på verdsarvlista til Unesco frå sommaren av.
-Dette gjer at Geiranger må vere tilgjengeleg heile året og ikkje delvis vinterstengt slik det er i dag, seier Lunde.
Politikarar
Aksjonsgruppa med representantar frå fleire kommunar på indre Sunnmøre og i Oppland har sendt brev til fylkekommunane i dei to fylka, der dei krev at politikarane får tunnelen inn i vegplanane sine.
-Dette er mest for å minne politikarane på dette prosjektet, slik at det ikkje vert gløymt, seier Lunde.
Rassikring først
Hotelleigar Sindre Mjelva ved Union hotell i Geiranger, støttar initiativet, men meiner det ikkje må gå utover rassikringsarbeidet.
-På lang sikt er ein tunnel det einaste fornuftige, men på kort sikt er det rassikring av eksisterande vegar som på må på plass, seier Mjelva.